KI-litteratur må haldast utanfor innkjøpsordninga

Dette for å bevare legitimiteten til litteraturen og ivareta dei norske forfattarane sine interesser.

I eit innlegg på nettsida si, etterlyser NBU – Norske barne- og ungdomsbokforfattare – restriktive retningsliner for bøker som blir melde på innkjøpsordninga.

Dei skriv:

«No må Kulturrådet komme i mål med sine evalueringar og vurderingar og lansere tydelege retningsliner. NBU sin posisjon er iallfall klar: Bøker med KI-generert tekst og illustrasjonar høyrer ikkje heime i innkjøpsordninga.»

NBU-leiar Alexander Løken oppmodar samstundes alle forfattarar til å avstå frå å bruke KI-generert tekst og illustrasjonar, og hugse på det omfattande tjuveriet av åndsverk som dannar grunnlaget for denne teknologien.

DnF-leiar Sivert Nesbø sluttar seg til oppmodinga til NBU.

«Vi må få på plass reguleringar som kan demme opp for den mest skadelege påverknaden frå dei store modellane», seier han. «For å bevare legitimiteten til litteraturen og ivareta dei norske forfattarane sine interesser, må då også KI-skapt litteratur haldast utanfor innkjøpsordninga.»