Kjære forfattarar,
Det er byrjinga av september 2026 og eg opnar Adobe for å gå gjennom korrekturen på eit bokmanus som snart skal kome ut. Dette ser ut som eit langt dokument, står det øvst oppe, i ein statusbar. Spar tid. Trykk her for ei oppsummering.
Det er midten av september og ein norsk influensar nyttar ein språkmodell til å forstå teksten i ei sakprosabok han les. Moglegheitene er store: Med eitt kan ein skjøne komplekse emne ein ikkje forstod før, med eitt har ein fått ein assistent i lomma, som kan hjelpe ein til å kome nærare eit svar på kva det uklåre ein les tyder. NFFO og Kopinor kjem raskt på bana og peikar på kva dimensjonar ein slik bruk òg har, og kva sider ved bruk som kan vere i strid med opphavsretten. Den største avsløringa er kanskje likevel kor låg den opphavsrettslege kjennskapen er blant dei mange som har gjort liknande ting, og som rykker ut og forsvarer det – og i befolkninga elles. Òg her har NFFO vore svært tydelege i å peike på kva utfordringar nett denne bruken har, og korleis ein enkelt kan gjere grep for å hindre at bruken er ulovleg.
Det er den siste dagen i september og ein norsk professor i filosofi innrømmer å ha nytta kunstig intelligens i framstillinga av tekst til ei bok han har skrive om Donald Trump, om løgn og sanning. Dette er også omlag på same tid som Stortinget skal ta stilling til eit representantforslag om styrka vern av opphavsrett i møte med KI. Og det er berre nokre dagar sidan DnF leverte høyringssvar om endringar i Åndsverkslova, og peikte på utfordringane KI hadde skapt i samband med implementeringa.
Om ein tenkjer seg eit barn som vert fødd i 2023, og som snart lærer seg å lese: I 2033 er barnet ti år, og har levd heile sitt liv i ein språkrøyndom som i aukande grad er påverka av syntetisk språktilfang. Dei store språkmodellane påverkar stadig nye område av samfunnet og språkbruken. Journalistar og studentar og redaktørar og taleskrivarar og sakshandsamarar nyttar språkmodellar til sparring, undersøking, justering, formulering, oppsummering, skjerping, filing og omrokkering. Kvar går eigentleg grensa for bruken av KI i produksjon av tekst, og kva er eigentleg tekstleg genese?
Allereie i år, i 2026, melder internasjonale aviser om at den engelskspråklege bokmarknaden fløymer over av KI-genererte «bøker». I 2033, når barnet, som no har vorte ein lesar, er vorten ti år, kan ein sjå for seg at denne utviklinga har halde fram, og barne- og ungdomsbøkene lesaren har lese så langt, tek utgangspunkt i livsverda til ungdomen og nyttar eit språk som har vist seg å fungere når ein talar til dei unge. Forfattarane av barne- og ungdomsbøkene er òg sjølve påverka av det auka tilfanget av syntetisk tekst.
Kanskje finst det ikkje nokon måte å verne seg heilt mot dette på. Som foreining lyt ein likevel presse på, jamt, argumentere og krevje, at vi må få på plass ei regulering som så langt det går kan demme opp for den mest skadelege påverknaden frå dei store modellane. Det kanskje mest interessante spørsmålet, er likevel kva dette gjer med oss som språkmenneske som er vane med å tenkje gjennom å skrive, der skriving på einskilde måtar kan seiast å vere del av ein erkjenningsmessig prosess. Eg trur det var rett å gjere vedtektsendringa vi gjorde på førre årsmøte, der vi slo fast at bøker som i hovudsak er framstilt ved hjelp av generativ kunstig intelligens ikkje kan danne grunnlag for opptak i foreininga. Einskilde klåre skrankar trengst for å verne om legitimiteten og tilliten foreininga forvaltar.
2026 er totalberedskapens år. Kva tyder det arbeidet norske forfattarar gjer for den kulturelle beredskapen? Eg trur ikkje det kan undervurderast. I andre område med krig og konflikt, ser vi målretta angrep på bøkene sin infrastruktur, mottaksapparat og formidlingsinstansar: bokhandlar, bibliotek, boklager med meir. Korleis skal forteljinga om eit land i ein gjeven periode formidlast utan litteraturen som tek heile den komplekse livsverda opp i seg? Nett der kan i alle fall ikkje den kunstige intelligensen hjelpe oss.
Ein ektefølt takk for at du skriv!
Og med eit ønske om milde haustmånadar og stø vind –
Sivert Nesbø, leiar