Les mest romanar

– Det eg blir tiltrekt av har ofte ei kulde og eit drypp av vondskap i seg, seier nytt DnF-medlem Ingvill Kjærstein (31).

Foto: Gry Traaen

Kvifor blei du forfattar?

Eg hadde lyst til å prøve å smelte saman noko som ikkje hadde blitt smelta saman før, spesifikt desse språka og stadene som eksisterte i livet mitt.

Korleis var din veg inn i forfattarskapet? Når og kvifor byrja du å skriva?

Eg byrja å skrive skjønnlitterært for seks års tid sidan. Eg hadde lyst til å skrive før det også, men eg hadde ingenting på hjartet. Eg fekk heller ikkje språket til å gi meining, fordi eg var ekstremt språkforvirra, det har eg alltid vore. Då tykte eg det var best å la vere. Jantelova sit sterkt i meg. Men i midten av tjueåra kom skrivekløa for alvor, og eg hadde endeleg noko som det var viktig for meg å skrive om. Eg sende teksten til det som no er forlaget mitt, utan å ha vist noko til eit einaste menneske på førehand, og responsen var positiv. Det var enormt!

Kva forfattar har hatt mest å seia for ditt eige forfattarskap?

Eg les sjeldan heile forfattarskap, det finst altfor mange forfattarar eg vil lese. Men under masterstudiane mine fordjupa eg meg i ein generasjon japanske feministiske forfattarar som eg kanskje aldri blir ferdig med: Kōno Taeko, Kurahashi Yumiko, Takahashi Takako og Ōba Minako. Det var også på den same tida som eg sjølv byrja å skrive.

Kan du fortelja litt om skriveprosessen din? Kva må vera på plass, korleis kjem du i gang?

Det byrjar ofte med ei stemning eller ei kjensle som er vanskeleg å setje ord på. Noko motstridande og kontrastfylt. Sidan det ikkje går an å seie det rett ut, må eg skrive rundt det. Ikkje sjå rett på, men litt til sida. Og forhåpentlegvis kome nærare undervegs.

Les du andre forfattarar når du skriv?

Eg er også omsetjar, så andre menneskes tekst kjem eg ikkje unna. Og eg ønsker nok heller ikkje det.

Kva liker du å lesa?

Eg les mest romanar. Det eg blir tiltrekt av har ofte ei kulde og eit drypp av vondskap i seg.

Ingvill Kjærstein har gitt ut romanen Austvestpassasjen (Samlaget, 2024).