23. september la regjeringa frem «Ytringsberedskap – Nasjonal strategi for eit ope og opplyst offentleg ordskifte». Denne strategien seier korleis regjeringa vil sikre eit godt og opent ordskifte i Norge, og korleis dei skal arbeide med ytringsfridom fremover.
Strategien spring ut av arbeidet til Ytringsfrihetskommisjonen.
Lanseringa skjedde hos Fritt Ord, og vart ramma inn av to paneldebattar der ulike samfunnsaktørar kom med sine analyser av kva som hindrar ytringsfridomen. Mellom dei var forfattar Bjørn Hatterud, som peika på korleis menneske med ulike funksjonsnedsettingar systematisk blir haldne utanfor fellesskapet ved manglande fysisk tilrettelegging.
Til stades var også leiar i Tankesmien Agenda, Trygve Svensson, som la vekt på at vi burde vere mykje meir bekymra for ytringsfridomen i Norge enn vi er i dag. Han peika mellom anna på spagaten som Europa står i mellom Silicon Valley- og Beijing-kontrollerte sosiale medium. Vi treng eit europeisk alternativ til Meta og TikTok, og det må vere så attraktivt at unge har lyst til å bruke det. Det bør europeiske kulturministrar gå saman om, var hans oppmoding til kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffrey, som la fram strategien.

Lesing har ein viktig funksjon
Strategien er delt inn i seks område, der det første handlar om infrastrukturen for ytringsfridommen. Her har språk, leseferdigheiter og leselyst ein eigen bolk. Her skriv regjeringa mellom anna om kor viktig språket er som identitetsbyggjar og middel for å delta i samfunnsdebatten.
«Noreg treng ein målretta, ambisiøs og offensiv språkpolitikk som ikkje berre styrkjer norsk i møte med engelsk, men òg nynorsk som norsk minoritetsspråk og dei andre språka vi har eit nasjonalt ansvar for, i møte med norsk», skriv regjeringa.
Vidare skriv dei om kor viktig det er med leselyst og leseevne:
«Lesing er ein grunnleggjande inngang til både informasjon, skriving og tenking. Lesetrening er derfor ein viktig del av opplæringa i skulen, men må òg haldast ved like gjennom livet. Evna til langlesing og konsentrasjon er viktig for å kunne fordjupe seg i problemstillingar, byggje djupnekunnskap og såleis kunne tenkje sjølvstendig. Lyst til å lese er nøkkelen til lengdelesing, og satsing på leselyst er eit prioritert område for regjeringa.»
– Norge treng ein slik strategi. Vi er heilt samde med kultur- og likestillingsminster Lubna Jaffery som i sin tale snakka om at vi ikkje lenger kan ta våre relativt gode vilkår for ytringsfridomen for gitt, og vi er glade for at regjeringa ser kor viktig leseevna og lesegleda er for å sikre den i framtida. Journalist og forfattar Erle Marie Sørheim teikna i sitt foredrag eit skremmande bilete av korleis boksensur er eit vaksande problem i USA, og vi kan ikkje sitte stille og tru at slike problemstillingar ikkje kjem til Norge, seier leiar i Den norske Forfatterforening Bjørn Vatne.
Heile strategien kan du lese her.