Lys på lyrikk

Eit anna kritikarrost verk, Solaris korrigert (2008) er skrive i eit kombinasjonsspråk som sprenger grenser; både mellom kropp, stemme og univers, og for kva ein…

kritikerlaget

Eit anna kritikarrost verk, Solaris korrigert (2008) er skrive i eit kombinasjonsspråk som sprenger grenser; både mellom kropp, stemme og univers, og for kva ein kan gjere med språk. I artikkelen Lyrikkåret 2011/ Møte med menneske, skriv Hadle Oftedal Andersen om Jimmen: Eg veit om folk som kvidde seg for å lesa Solaris korrigert fordi dei syntest heile prosjektet høyrdest ut som om det var fullstendig over haugen. Og at dei kom på heilt andre tankar då dei endeleg fekk krekt seg til å lesa henne. Slik er det nok med Jimmen òg. Ei fantastisk bok, som heilt fortent er nominert til Nordisk råds litteraturpris.

Jimmen var ei av diktsamlingane som blei diskutert under Kritikerlagets lyrikkprogram på Litteraturhuset før jul.  Til kjærlighetens pris av Ingrid Storholmen og Jeg har tenkt meg til de elysiske sletter av Rune Christiansen var blant andre som blei dratt fram, ved sida av toboksforfattarane Erlend Nødtvedt, Rebecca Kielland og Vilde Heggem. Kritikerlaget spør, i sin rapport frå arrangementet på nettsidene sine, om norsk poesi blir prega av nye poetar med ulike kulturelle bakgrunnar.