Den norske Forfatterforening minnast Kong Harald V med respekt og takksemd, og vil ære Hans Majestet for rolla han fylte som raus og samlande folkekonge.
Som regent var Kong Harald V ein tydeleg talsperson for inkludering, tolmod og varme, og den klåre bodskapen hans om å romme den andre og gjere plass til fleire, vil verte hugsa. Gjennom ord og handling formidla Kongen ein tydeleg bodskap om mangfald og nestekjærleik.
I vanskelege tider og ved skilsetjande hendingar hadde nærværet og orda hans stor betydning, og synte med tydelegheit fram kor avgjerande det er at vi er der for kvarandre og evnar å møtast med rausheit.
Vi sender våre djupaste kondolansar til Dronning Sonja, Kronprins Haakon, Kronprinsesse Mette-Marit og kongefamilien elles, og lyser fred over minnet til Kong Harald V.