Noregs Mållag og Norsk Målungdom inviterer alle i heile Noreg til å skriva nynorsk denne veka, med ei stor feiring på nynorskdagen 12. mai.
Nynorsk er for alle!
Nynorsk eit nasjonalt språk som alle lærer i skulen. Målet til Noregs Mållag og Norsk Målungdom er å ufarleggjera det å skriva nynorsk for dei som sjeldan eller aldri gjer det, og å få sjå meir nynorsk rundt oss, særleg på plassar der me vanlegvis ikkje ser han.
Korleis markera nynorskveka?
- Skriv nynorsk, og skryt av andre som gjer det.
- Les ei nynorskbok.
- Kjøp eit nynorsk produkt.
- Lik og del nynorsk i sosiale medium.
- Syng Nordmannen ( «Mellom bakkar og berg») eller andre nynorske songar.
- Reis på skulebesøk.
- Få skulane i kommunen din til å nytta opplegg frå Nynorsksenteret.
- Få biblioteket til å stilla ut og promotera nynorskbøker.
- Gå i fotspora til Ivar Aasen. Gjekk han gjennom kommunen din?
- Server nynorskkake eller muffins.
- Del ut ein målpris.
- Ønsk kvarandre til lukke med nynorskdagen!
- Server nynorskkake eller muffins.
Les meir her.