Postkort frå styret

I juli publiserer me postkort frå medlemmene i DnF-styret. I dag: Monica Goksøyr.

Her sit eg på ein benk på gata i København, ein varm junikveld, og les eit utdrag frå ei bok for Maria Olerud, dokumentert av Kamilla Danielsen. Me har nettopp vore på Nørrebro teater og sett den amerikanske forfattaren Miranda July i samtale med Politiken-journalist Lotte Folke Kaarsholm. Mange har nok fått med seg Julys nylege gjennombrot med romanen All fours, men eg har hatt henne i mitt hjarte, og i min inspirasjon, sidan nokon gav meg novellesamlinga hennar No one belongs here more than you, i 19 års, eller var det 20-års gåve? Utdraget eg las for Maria og Kamilla er frå novella The Shared Patio frå sistnemnde samling om ein einsleg og einsam kvinne som vert besett av naboen sin, og lyder slik i mi nynorske omsetjing: 

«Er du usikker på livet? Tvilar du på om det er verdt bryderiet? Sjå på himmelen: han er her for deg. Sjå på andleta til kvar person du passerer på gata, andleta er her for deg. Sjølve gata er her for deg, og bakken under gata, og eldkula under bakken: alle desse tinga høyrer til deg. Dei er like mykje meint for deg, som for anna folk. Hugs dette når du står opp om morgonen og trur at du ikkje har noko som helst. Stå opp og vend deg mot aust. Lovpris himmelen og lovpris lyset som fyller alle som er under henne. Det er greit å vere usikker, men lovpris, lovpris, lovpris.»   

God sommar og god skriving. 

Monica