Juli 2026
Kjære forfattar. Ei helsing frå Tjörn på den svenske vestkysten. Det er vakkert her, eit vakkert landskap å gå i. Dei siste dagane har eg leita etter huset til Mia Berner, som skulle liggje ein stad på denne øya, huset der ho budde saman med Pentti Saarikoski, der dei skreiv og omsette saman og der Saarikoski skufla snø og raka gardsplassen og ein gong bakte brød, men gløymde gjær, det kan vi alle gjere frå tid til annan. Oppe på haugen bakanfor huset laga han ein labyrint av stein, det burde vi alle gjere på den eine aller andre måten. Eg har ikkje så mange haldepunkt her, eg går, men eg er usikker på om eg kjem til å finne huset og kanskje er det heller ikkje så farleg når alt kjem til alt. Men Stenungsund har eg funne, den vetle byen der Saarikoski ein gong sat og skreiv:
Eg er so gamal at Euripides
ikkje morar meg lenger
eg sat på kinarestauranten i Stenungsund
og dytta
Sofokles sine steintørre vers
langs bordet med fingeren
då Masa og Sepe styrta inn
uroar vi skriv du på ei bok
det gjer eg vær så god sitt
vi vil ikkje uroa
den som skriv må verte uroa
elles vert det ei dårleg bok
Hels alle kjende, signe freden og uroa i skrifta, med ønske om ein retteleg god sommar, Sivert