Kvifor blei du forfattar?
For mange år sidan var det ein stadig tilbakevendande vits blant oss i litterær omsetting at ein måtte bli forfattar for å få omsette bøker. Eg ramla nemleg etter mykje virring ned på at eg ville bli omsettar, men eigentleg har all skrivande verksemd interessert meg så lenge eg kan hugse. Sjølve skrivehandlinga fascinerte meg tidleg. Men at å skrive skjønnlitterært var eit arbeid ein kunne drive med, fall meg ikkje inn før venner av meg byrja å gi ut bøker. Forresten så viser det seg at det er noko sant i den vitsen, vegen er kortare til omsetting etter forfattardebuten.
Korleis var din veg inn i forfattarskapet? Når og kvifor byrja du å skriva?
Det som vart til debutboka mi, Var det grønt, starta som ein søknad til eit manusseminar som Samlaget arrangerte. Eigentleg hadde eg lagt vekk tanken om å søke, fristen vart kort og eg hadde jo inga utdanning innom det å skrive skjønnlitterært uansett, men så dukka det opp eit bilde som ikkje gav slipp. Det var ei førestilling om ein veg som leidde ut i havet, som vart ideen eg skreiv ut ifrå. Kvifor det vart så viktig for meg å jobbe vidare med dette, handlar dels om at prosjektet gav meg eit kreativt rom eg heile tida ville tilbake til, og dels at verda vi lever i, krev omarbeiding i skrift. Sjølv om boka er ein dystopi, er ikkje overgangen frå samtida vår altfor stor, dessverre.
Kva forfattar har hatt mest å seia for ditt eige forfattarskap?
Det er mange som har betydd mykje på kvar sin måte. Eit knippe nøkkeltekstar er Solaris korrigert av Øyvind Rimbereid, Alfabet av Inger Christensen, Giovanni’s Room av James Baldwin, Trado av Athena Farrokhzad og Svetlana Cârstean, Brødrene Løvehjerte av Astrid Lindgren og The Road av Cormac McCarthy.
Kva ord prøver du å unngå/bruka litt mindre?
«Som». Ein kanskje grunnleggande byggestein for metaforar, men eg blir alltid litt skuffa når eg må bruke den.
Kan du fortelja litt om skriveprosessen din? Kva må vera på plass, korleis kjem du i gang?
Det viktigaste for meg er ein viss avstand til kvardagen. Den er for full av andre ting som tar opp plass i hovudet. Det kan bety å skrive når verda er litt stillare, som på natta, eller når eg er fysisk på ein annan stad enn der eg som regel lever livet mitt. Å reise er ofte ein god katalysator. Når eg byrjar, veit eg ofte ikkje kor i teksten eg er enno. Det er ikkje det viktigaste heilt i starten. Da handlar det mest om å følge dei stiane som syner seg, og sjå kor dei leier. Lenger ut i prosessen går eg meir systematisk til verks og jobbar meg gjennom frå start til slutt mange gongar, arbeider med struktur og identifiserer tette stader som må løysast opp, eller hol som treng å fyllast. Da er det spennande å sjå korleis resten av teksten blir påverka av det.
Les du andre forfattarar når du skriv?
Ja, men ikkje nødvendigvis for inspirasjon. Da kan det vere like bra å gå til andre kunstartar. Musikk er for eksempel noko eg ofte drar nytte av når eg skriv.
Kva synest du om norsk litteraturpolitikk?
Eg synest den kan vere vanskeleg å henge med på, særleg når organisasjonane som burde stå på same side, kivast. I Noreg finst gode ordningar som må forsvarast, og da treng vi å stå samla mot det som kan komme av kutt i kulturmidlar framover. Alt KI-relatert verkar dessutan komplisert. Her er det mektige aktørar involvert, så det kan fort kjennast håplaust. Og vi gir oss ikkje, var det ikkje det godaste Vold sa?
Ida Hove Solberg har gitt ut diktsamlinga Var det grønt (Samlaget, 2024). Hen står også bak ein rekke omsettingar og gjendiktingar.