SKA søkjer ny leiar

Skrivekunstakademiet (SKA) har lyst ut stillinga som akademileiar.

Akademileiar har det faglege, økonomiske og administrative ansvaret for drifta av Skrivekunstakademiet og rapporterer til styret. Du samarbeider tett med studiekonsulent og undervisningspersonell for å sikre heilskapleg drift.

Arbeidet omfattar utvikling av studietilbod, kvalitetsarbeid, oppfølging av planar og budsjett, årsmelding og rekneskap, utdanningspolitisk arbeid, kommunikasjon, strategi, samt personalansvar for dei tilsette. Det er òg ønskjeleg at akademileiar er ein del av fagmiljøet og sjølv har ein aktiv forfattarskap.

Les stillingsutlysinga her: Akademileiar for Skrivekunstakademiet | FINN.no