Den seinare tida har kunstig intelligens, lesing og lesekompetanse vore sentrale startpunkt for ordskifte og debatt. Ein stadig større del av tekstane vi omgjev oss med, er syntetisk genererte. Grensene for kva område av språkarbeidet kunstig intelligens kan eller bør nyttast på, vert stadig utfordra. Kva grep kan vi som samfunn ta for å sikre at vi òg i framtida skal ha eit levande og mangfaldig norsk språk?
Lesing er eit område som har vore høgt prioritert av regjeringa, og det er eit felt fleire statsrådar har uttalt seg om. Etter framlegginga av årets PISA-resultat, har det fulle alvoret knytt til unge sin lesekompetanse vorte stadig tydelegare.
Vi lever i urolege tider, og forventningane til kva område som ville få høgast prioritet i statsbudsjettet, var relativt eintydige: forsvar, beredskap, straum og privatøkonomi. Alt dette lét seg skjøne. Men Totalberedskapsmeldinga som vart lagt fram i 2025 handlar ikkje berre om forsyningssikkerheit, næringsliv, forsvar og transport. Meldinga løftar òg fram kultur og det frie ordet som sentrale føresetnadar for sivil motstandskraft.
Kunst- og kulturinstitusjonar bidreg til å oppretthalde kulturelle aktivitetar, og er samstundes sentrale aktørar i eit opplyst offentleg ordskifte. Dette gjeld òg under kriser. Eit rikt kulturtilbod er avgjerande for befolkninga si evne til å vere informerte, til å halde seg orienterte, og for den kritiske tenkinga. Kulturtilbodet er òg viktig i samband med å oppretthalde meining i tilværet, og for å skape tilhøyrsle og identitet i periodar som er prega av usikkerheit.
I ei slik forståing kan litteratur sjåast som noko meir og større enn berre eit kulturuttrykk. Litteratur representerer òg tilgang til kunnskap, perspektiv og forteljingar som bidreg til å oppretthalde refleksjon, fellesskap og samfunnsdeltaking når samfunnet vert utsett for påkjenningar.
I regjeringa sin plan for Noreg 2025 står det at vi treng ein sterkare kultur for lesing, og at denne må byggjast gjennom eit mangfaldig litteraturtilbod, god litteraturformidling og levande folkebibliotek, samt gjennom ein ny leselyststrategi for vaksne. I statsbudsjettet for 2027, ser vi diverre få initiativ som vil bidra til å styrke lesekulturen i landet.
I samband med framlegginga av Statsbudsjettet, syner regjeringa likevel til einskilde styrkingar. Regjeringa prioriterer ein auke på 6 millionar til Kulturfondet og innkjøpsordningane for norskspråkleg litteratur. Det vert òg foreslått ei styrking av Statens Kunstnerstipend ved at det vert oppretta fem nye stipendheimlar og løyvinga til etableringsstipend for unge kunstnarar vert auka noko. I fjor kom det inga auke i desse heimlane. Storleiken på eit arbeidsstipend aukar samstundes med 12 608 kroner årleg frå 2027 og aldersgruppa for seniorstipend vert utvida til 70 år.
Vi veit at stipendmidlar er eit av dei mest treffsikre tiltaka for å skape nye kunstuttrykk. Stipendmidlar kan på ein del område liknast med løyvingar til Forsking og utvikling (FOU): Dei gjev tid og høve til fordjuping og undersøkingar, og sikrar dei langsiktige rammene som trengst for å skape litteratur av høg kvalitet.
Samla sett kan ein seie at budsjettet inneheld einskilde positive signal, men samstundes er det ikkje til å stikke under stol at auken er svært liten.
Regjeringa har varsla at dei har som mål å fortsetje opptrappinga av stipenda, både når det gjeld tal og storleik, noko som er positivt. Vi forventar at dette arbeidet held fram i det vidare.
Ein demokratisk beredskap krev at vi har språkarbeidarar som kan virke fritt, og som kan nytte den store breidda som finst i språket. Forfattarar tenkjer gjennom å skrive, og gjennom skrivinga sjølv kjem tankane til. Ein demokratisk beredskap krev òg at vi har lesarar som er interesserte i å lese, både sakprosa og skjønnlitteratur. Det må finnast eit breitt utval av litteratur å få tak i og bøkene må ha eit solid mottaksapparat: bøkene må meldast og kritiserast, dei må formidlast i bokhandlar, på litteraturhus og bibliotek, og dei må verte omtalte og debatterte i avisspalter og tidsskrift.
Vi har tillit til at regjeringa ser og anerkjenner at litteratur er ein del av samfunnets kulturelle og demokratiske infrastruktur. Litteraturen har betydning for språkleg og kulturell forankring, kritisk refleksjon og bevaring av forteljingar om samfunnet.
Ein litterær beredskap kan dimed verte forstått både som spørsmål om tilgang til bøker og om samfunnet si evne til å bevare, formidle og vidareutvikle sine eigne forteljingar.
Sivert Nesbø, leiar