Tarjei Vesaas’ debutantpris til Anne-Lise Frøland

Anne-Lise Frøland tildeles Tarjei Vesaas’ debutantpris for «Tynne rivner av lys».

Foto: Marius Fiskum

Forfatteren mottar prisen på foreningens årsmøte lørdag 7. mars.

Forlaget skriver: «Tynne rivner av lys er ein roman om kor vanskeleg det er å hjelpe nokon som ikkje vil ha hjelp, om psykisk uhelse blant bønder, og om korleis også håp og optimisme kan få fatale følgjer.»

I juryens begrunnelse heter det:«I Tynne rivner av lys smeltar det vakre saman med det brutale, og desperasjon og depresjon blandar seg med håpet om at ting skal snu, at det trass alt skal gå bra. Historia vert fortalt på fleire tidsplan, i eit finstemt, presist og poetisk språk.»

Tarjei Vesaas’ debutantpris blir hvert år delt ut til fjorårets beste unge skjønnlitterære forfatter. Prisen deles ut av Den norske Forfatterforening, og det er foreningens litterære råd som er prisjury. Juryen består av rådets syv medlemmer, og de velger en prisvinner ut fra en fri og selvstendig vurdering basert på estetiske kriterier.

Prisen ble innstiftet av Tarjei Vesaas i 1964 med pengene Vesaas mottok som vinner av Nordisk råds litteraturpris dette året.

Juryens begrunnelse i sin helhet

Då Tarjei Vesaas fekk Nordisk Råds litteraturpris i 1964, brukte han pengane til å opprette ein debutantpris. Han mintest frå si første skrivetid kor mykje ei oppmuntring kunne ha å seie for ein debuterande forfattar. 

Prisen vert delt ut til den beste skjønnlitterære debutanten under 40 år. Det har vore ei stor glede for Det litterære Råd å oppdage alle dei sterke, nye røystene som kom i 2025, i det som må ha vore eit uvanleg sterkt debutantår. Det er likevel éin debutant som juryen meiner skil seg ut. Årets vinnar kan òg seiast å skrive innanfor Vesaas’ tradisjon, iallfall språkleg, kanskje òg i val av miljø og tematikk?

Anne-Lise Frøland (f. 1993) debuterte i 2025 med romanen Tynne rivner av lys, om Vegard og Solveig, eit ungt par som flyttar til heimbygda til Vegard for å overta garden han kjem frå. Overtakinga kjem i stand på kort varsel, etter at far til Vegard får slag og vert ute av stand til å arbeide. Nokon må ta seg av dyra og drifta, og kven er eit meir naturleg val enn odelsguten og kjærasten hans? Solveig er motivert og interessert, men ei frykt ligg og vakar under overflata. Kva om Vegard vert sjuk att, slik han har vore før? Og gradvis skjer nett det. Mørkeret kjem sigande inn over Vegard, til det dominerer alt, og Solveig er fanga i situasjonen.

Tynne rivner av lys smeltar det vakre saman med det brutale, og desperasjon og depresjon blandar seg med håpet om at ting skal snu, at det trass alt skal gå bra. Historia vert fortalt på fleire tidsplan, i eit finstemt, presist og poetisk språk. Frøland nyttar lågmælte litterære verkemiddel når ho deler menneska sitt indre liv med lesaren. Ein gjenstand, noko så tilsynelatande banalt som ei fillerye, kan blottleggje eit alt: «Kvitt, raudt, ulike nyansar av blått og svart og ei tynn, nesten usynleg stripe gult. Eg hadde teke så grundig feil» skriv Frøland på s. 171, og gir denne eine, gule stripa autoritet til å formidle faren som lesaren òg kan skimte, men ikkje har lyst å sjå.                                 

Frøland ser menneska med eit moge blikk. Personane er samansette, det same er forklaringane på kvifor alt vert som det vert. Korkje bygda eller naturen vert romantisert eller banalisert, som her, på s. 164: «Alt her er berre land. Lange, jævlige jorde og skog. Uendelege strekk med skog, og desse runde, forferdelege fjella, som ligg som ein mur kring heile dalen og stenger oss inne. Og tjern. Mørke, djupe tjern der ingenting røyver på seg. Ingen skifte, ingen tidevatn. Alt står stilt. Og ein kan ikkje anna enn å drukne.» I forlenginga av denne dvelande passasjen kjem så eit brått frampeik, som held den reine spenninga oppe.

Tynne rivner av lys er ein klok roman, som overraskande godt held fast i ein klassisk forteljarstil. Boka fortel om eit sårbart sinn, men i bakgrunnen syng forteljinga om ei næring og eit bygdeliv i rask og brutal endring. Frå tusenårsskiftet og fram til 2024 gjekk talet på gardsbruk i drift i Noreg ned frå 70 000 til 37 000. Ofte skuldast nedleggingane at inntekta ikkje lenger er til å leve av. Store lån, stort arbeidspress, låge inntekter, einsemd, uro for framtida – alt dette er truleg med på å gjere at bønder oftare vert råka av psykisk sjukdom og sjølvmord enn mange andre yrkesgrupper. Ved å fortelje om unge menneske som freistar å halde oppe tradisjonsrik næring og kultur, seier boka òg noko om særpreget ved det norske og nordiske. Dette er interessant i ei tid der heile verda – av storpolitiske årsaker – no har blikket retta mot Norden.

Solveig reagerer på sjukdomen til Vegard med å halde fast i kjærleiken deira og alt Vegard ein gong var, samstundes som ho held alle andre på ei armlengds avstand. Det gjeld òg foreldra til Vegard, som no har flytt frå garden, og hennar eigne foreldre, som bur langt unna. Då det viser seg at det er mykje ved drifta dei ferske bøndene ikkje har fått vite om, står dei verkeleg på randa av stupet.

Mange opplevingar kan få menneska til å kjenne seg små. Tynne rivner av lys er ei allmenngyldig forteljing om dei mørke sidene av menneskelivet, men òg om det gjenstridige håpet som pregar vår felles reise som menneske. Anne-Lise Frøland er ein debutant som allereie leverer skrivekunst på høgt nivå, og det er ei glede å tildele henne Tarjei Vesaas’ debutantpris for 2025.

*

Forlagets presentasjon av boken finner du her.

Forfatterportrett finner du her.