Kvifor ville du bli forfattar?
Eg har eit behov for å skape og eit behov for å skrive. Å vere forfattar gjer at eg kjem meg ut av ein mangeltilstand som gir meg uro. Lenge før eg bestemte meg for å satse på skrivinga, hadde eg ei slags vrangførestilling om at alle i heile verda aller helst ønskte å bli forfattarar, om dei kunne velje heilt fritt blant alle moglege yrke. Eg veit jo nå at det ikkje stemmer, men det var det einaste eg ville bli.
Korleis var din veg inn i forfattarskapen? Når og kvifor byrja du å skriva?
Eg begynte å skrive mine første romanutkast i 2012. Det var då eg innsåg at ein ikkje kunne vite sikkert kor lenge ein skulle leve, fordi ein god venn av meg fekk kreft. Livet var potensielt for kort til å utsette draumen. (Det gjekk bra med vennen min, vi er gift nå.) Då skreiv eg det som fall meg inn, og sendte det eine manuset etter det andre inn til ulike forlag. Det var først etter eit år på Forfatterstudiet i Bø (2017/18) at eg klarte å skrive noko som var godt nok til å bli den første utgjevinga mi.
Kva ord prøver du å unngå/bruka litt mindre?
Berre og kanskje. Eg bruker desse orda veldig mykje, men slettar dei stadig. Dei tillét ein tvil i teksten: det forteljaren fortel stemmer kanskje ikkje heilt, for ho er jo berre eit menneske.
Kva forhold har du til å stryke tekst?
Eg stryk mykje tekst, men ikkje for tidleg i prosessen. Ofte oppdagar eg etter ei stund at heile kapittel må bort, dersom dei berre er der fordi eg hadde lyst til å skrive dei, ikkje fordi dei drar historia framover.
Les du andre forfattarar medan du skriv?
Eg les heile tida, og skriv heile tida. Dersom eg ikkje skulle ha lese medan eg var inni eit prosjekt, så ville eg aldri ha lese noko.
Kva synest du om norsk litteraturpolitikk?
Eg synest det er viktig at nokon talar for litteraturen og sørger for at ein kan overleve som forfattar og kunstnar. Utan den norske innkjøpsordninga tvilar eg på at utvalet på marknaden hadde vore variert nok til at det eg skriv hadde fått plass. Då måtte eg ha føya meg meir etter folks smak, og det liker eg dårleg.
Helga Songøygard Battin har gitt ut to romanar: Rosehagtornen (2020) og Terskel (2025) – begge på Samlaget.