Bokhandelen slit, poesien består

språket er eit stoff vi kler verda i. det kan vere ein gjennomskinleg vev, eller ein mur vi stangar imot.poesien er hola i denne muren, denne tekstilen….

språket er eit stoff vi kler verda i. 
det kan vere ein gjennomskinleg vev, eller ein mur vi stangar imot.
poesien er hola i denne muren, denne tekstilen. poesien lèt oss sjå
gjennom, han opnar for innsikt til landskapet innafor. på den andre sida.
der verda er avkledd, naken. 
eit landskap det menneskelege søker. 
poesien forsøker å gå foran, vise veg. utvide opningane.
skape potensiale for gjennomtrekk. 
 
det er leitt når nokon seier nei til poesien. bransjen slit, kommersialismen
har eit anna mål enn poesien. pengemakta sine verdiar finst ikkje 
i hola i muren. eller i dei  grisne tekstane.
poesien går sine eigne vegar.
han dør ikkje.

(Marit Kaldhol, 14/2 – 2013)