Dømmer twittertevling

I dag gjekk startskotet for Twitter-tevlinga ‘Nynorsk i 140’: «Twitter er for alle og kan romme alt. Det rare er at 140 teikn ofte er…

Kristine Tofte

I dag gjekk startskotet for Twitter-tevlinga ‘Nynorsk i 140’:

«Twitter er for alle og kan romme alt. Det rare er at 140 teikn ofte er for mykje, til alt.»

Det seier Per Roger Sandvik, aktiv twitrar og medlem i juryen for twitter-tevlinga ’Nynorsk i 140!’ som tek til i dag. Tevlinga blir arrangert av Deichmanske bibliotek i Oslo i samband med Språkåret 2013, og skal gå eit heilt år, med seks ulike tevlingar. Sandvik sit i juryen saman med forfattarane Kristine Tofte og Vidar Kvalshaug, samt to representantar frå biblioteket. Forventningane til juryen er høge:

« – Eg trur vi kjem til å få inn mange tusen bidrag, og at kampen blir kvass og med overraskande slagkraft. Som ei god twitternovelle. Når året er omme har twitterfolket saman skapt ei omfattande nynorsk novellesamling, og nye forfattarskap er kveikte. #nynov er sanntidslitteratur,» seier Per Roger Sandvik, som sjølv twitrar under aliaset @SvevePer.

Tevlinga er open for alle. Alt ein treng å gjere er å oppretta ein Twitter-konto, skrive ei twitter-melding som inneheld emneknaggen #nynov og halde seg til det utvalde tema. Tema for første tevling er «vår», og bidraga må vere leverte innan 3. april. Meldingane kjem opp som ein twitterstraum på skjermar på Deichmans avdelingar på Grünerløkka, Bøler og Hovudbiblioteket. Deichmanske bibliotek oppfordrar òg andre bibliotek i Noreg til å henge seg på.

Kva kjenneteikner ei god twitternovelle, Vidar Kvalshaug?

« – Ei twitternovelle har det ei vanleg novelle har: eit drama, ei vending og noko bittersøtt.»

 

Per Roger Sandvik supplerer:

« – Den gode twitternovella er kvasshogd, stutt, den har sin eigen klang, ein språkleg spenst som gjer at den stig og heng i ein lenge etter fyrste lesing. Den overraskar og opnar herlege landskap.»

Twitter er eit nettsamfunn og ei mikrobloggingstjeneste som blei starta i USA i 2006, og som i dag tel meir enn 500 millionar brukarar. Det er gratis å opprette ein konto, og lett å komme i gong. Slik beskriv Sandvik kva han synest er bra med Twitter-mediet:

« – Flyktig, samstundes solid. Impulsivt, samstundes reflektert. Augeblinkar, samstundes æver. Kjærleik, samstundes sorg. Yter, samstundes djupner. Kladdebok, samstundes publiseringsstad. – Slik er Twitter for alle og kan romme alt. Alt. Det rare er at 140 teikn ofte er for mykje, til alt.

Twitter brukast altså ikkje berre til diskusjonar og utveksling av nyhende. For svært mange fungerer teikn-begrensningane som ei kilde til kreativitet, og fleire forfattarar er aktive på nettstaden. Er det nokon du spesielt vil oppfordre til å hive seg med på tevlinga, Per Roger?

 

« – Personleg vil eg setje høg pris på at @FrodeGrytten knaggar ei av sine daglege noveller #nynov. Utover det trur eg at poet @2rvund kan sine ord også i ei novelle. Men dette er ei tevling for alle. Difor utfordrar eg alle, også dei som til dagleg ytrar seg på bokmål. Twi twi!»

 

Nettstad for twitterstraumen: http://twitternovelle.deichman.no

Nynorsk i 140 på Twitter: https://twitter.com/nynov140

 

 

Les meir om prosjektet:

–       http://www.språkåret.no/2013/03/nynorsk-i-140-nynov/

–       http://www.språkåret.no/2013/03/nynorsk-i-140/

–        

 

I juryen:

–       Forfattar Kristine Tofte (@kristinetofte)

–       Forfattar og kritikar Vidar Kvalshaug (@Kvalshaug)

–       Frå Deichmanske bibliotek: Per Roger Sandvik (@SvevePer), Oddvar Thorsen (@oddvarthorsen) og Cathrine Strøm (@cathrine_s)

 

Prosjektet er støtta av stiftinga Fritt ord.