– Google er ein korrupt bibliotekar

Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening har denne helga Årskonferansen 2016 på Radisson Hotel Skandinavia i Oslo. Plenumsseminaret handlar i år om biblioteka: «Fremtidens bibliotek: Hvordan…

NFFs årskonferanse er i gong. I panelet framst, frå venstre: Aslak Sira Myhre, Tore Slaatta, Mariann Schjeide og Leikni Haga Indregaard (Foto: Mette Karlsvik)

Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening har denne helga Årskonferansen 2016 på Radisson Hotel Skandinavia i Oslo. Plenumsseminaret handlar i år om biblioteka: «Fremtidens bibliotek: Hvordan vil skriftkultur og bokarv ivaretas?» Til å snakke om tema, har dei Aslak Sira Myhre. Han er direktør for Nasjonalbiblioteket, og er invitert til å snakke om Den nasjonale  biblioteksstrategien, «bøkenes plass i fremtidens bibliotek», og om biblioteka som aktiv formidlar, møteplass og digital plattform for «tilgjengeliggjøring av den norske kulturarven». NFF spør: Vil norsk skriftkultur og bokarv komme meir i bakevja? Åpnes det for nye muligheter for faglitteraturen i fremtidens bibliotek?»

Sira Myhre begynner med ei skisse over tilstanden til norske folkebibliotek. Han meiner at dei står sterkt, mellom anna fordi dei jamt over har eit utlån på 20000 objekt i året. Det gjeld både bøker, CDar, DVDar og så vidare. Bøker for barn går opp. Sakprosa og skjønnlitteratur for vaksne er stabilt. Born les fleire bøker i dag enn før. Leseevna er betre.

– Dette er ikkje institusjonar i krise, seier Aslak S. Myhre:

– Dei er populære institusjonar. Nasjonale undersøkingar er unisone, om dette. 80-90 % av folket i Noreg synest biblioteket er veldig bra, seier Myhre.

Antalet besøk går også opp. Ved sida av utlånstenesta, er skulebesøk, forfattarbesøk, bokkaffi, språkkafear og liknande av dei aktivitetane som drar folk til biblioteket.

Sira Myhre går så inn på to karakteristikkar ved samtida vår som får konsekvensar for biblioteka. Det første er overgongen frå ein analog til ein digital offentlegheit.

– Det tok 600 år å byggje den analoge offentlegheita, frå Guthenberg til i dag. Dette var også ein felles offentlegheit, påpeiker Myhre, og viser korleis vi i dag har ein meir fragmentert offentlegheit.

Vanlege misforståingar

– Her er ei misforståing som går på at produkta til forlaga og mediehusa er ikkje lenger er interessante. Dette er feil, seier Myhre, og viser så til dei to store endringane i biblioteka:

– Det eine er denne overgongen frå det analoge til det digitale. Den andre endringa er tyngre; den sosiale endringa i samfunnet. Opplysningstanken i Noreg, som var bygd i det 20. århudret, peikte inn mot folkebiblioteka. Alt frå idrettsforeiningar, kyrkjelyder, bedehus og så vidare, meiner Myhre peikte inn mot biblioteka: Fordi dei treng bøker. Det 20. århundret er knytt til naudsyn for kunnskap. Denne kjensla av naudsyn finst ikkje lenger. Veldig få kjenner det i dag som at dei må til biblioteket. «Hadde Frode Grytten gått på biblioteket i Odda som born viss han hadde playstation? Eg er ikkje sikker,» seier Myhre, og spør også seg sjølv: Viss han hadde all den underhaldninga som hans barn har i dag: Hadde han då gått til biblioteket? Nei, svarar han seg sjølv: Sannsynlegvis hadde eg ikkje forlatt rommet mitt i det heile tatt.

– Biblioteket vil at alle skal utdanne seg, skal vere opplyste, seier Sira Myhre, og held fram:

– Logiske feilslutningar som gjer at politikarar, unger eller andre trur at biblioteket ikkje trengst som kunnskapsformidlar: «Ein har jo google. Det er sjølvsagt noko i dette. Når eg lurer på noko finn eg det direkte på mobilen min umiddelbart. Ikkje ei kjelde men mange kjelder. Men om Google kan erstatte bibliotekaren? Nei, bibliotekaren skal kategorisere, sortere kunnskap. Fordi ein har meir informasjon treng ein også fleire bibliotek, meiner Sira Myhre, og peiker så på problemet med den kommersielle sida av googlesøk. At google gir deg det som han trur at du vil ha.

– Google er ein korrupt bibliotekar, seier Sira Myhre.

– Ein annan vanleg logisk feilslutning at «boka forsvinn. Då må også biblioteka forsvinne». Men det som vi no veit, er at folk leser papirbøker og ikkje e-bøker. Berre 2% av bøker som blir lese, er e-bøker. Ingen land har meir enn 8% e-bokandel i marknaden, fortel Sira Myhre.

Biblioteksstrategien.

Tre ting ligg til grunn for strategien: Biblioteka skal vere eit hus med bøker. Biblioteket skal og må vere ein arena for formidling, debatt, kunnskap og møter, seier Myhre, og meiner at desse to funksjonane kan skje side ved side. Det skal vere plass til begge deler. Det tredje som ligg til grunn er at den fagutdanna bibliotekaren, seier Sira Myhre, før sjefen for Bergen Offentlige Bibliotek, Leikny H. Indregaard, held ei kort innleiin:

– Takk og pris for at vi har innkjøpsordninga, og takk og pris for at vi, gjennom innkjøpsordninga, også har e-bøker, seier Indregaard:

– Blir det brukt for mykje pengar på arrangement og for lite på å kjøpe inn bøker? Eg kan forstå dei som er redd for dette, seier Indregaard, og uttrykker så letting på vegner av biblioteksstrategien, seier ho.

– Er arrangement ein form for underhaldning? Er det lettvint og ikkje høgverdig? Indregaard meiner at det er ein viktig del av formidlinga og opplevinga av litteratur. «Vi får nye kundar,» seier ho. Det er eit behov hos folk å møtest. Og stilleromma finnst framleis, hevdar ho.

Leiar i biblioteksforeininga, Mariann Schjeide, held også ei kort innleiing på tema, med kommentarar til Indregaard og Sira Myhre:

– Det er få institusjonar som det blir krevd så mykje av, og det er knytt så mange forventningar til. Vi skal vere slik vi alltid har vore,» seier Mariann Schjeide, som er uroa over kommunereformen, som kan medføre nedlegging av mange bibliotek.

– Men det ser ut til at det er ei forståing for at vi framleis treng møteplassar, seier Schjelde, som skal til Danmark og Panama for å fortelje om Bibliotekslova og systemet i Noreg:

– Danmark og Finland var altid betre enn oss. Men no er det vi som blir bedne om å fortelje om korleis vi får det til.

Generalsekretær i NFF, Tore Slaatta, tar opp tema «delingskulturen» versus forfatternes inntekter. Bibiblioteksvederlaget utgjør 1/3 av NFFs inntekter.

– Det må tenkes nytt om biblioteksvederlaget, seier Slaatta. Han fortel om kretsløpet som biblioteksvederlaget går inn i:

– Desse går til kvalitetssikring av litteraturen gjennom stipender, seier han.