Klegg og tekst

  «Som ein rockegud», sa poet og tidlegare journalist for Diktafon (NRK P2), Mona Vetrhus, om då Olav H. Hauge las fire dikt for 6000…

 

«Som ein rockegud», sa poet og tidlegare journalist for Diktafon (NRK P2), Mona Vetrhus, om då Olav H. Hauge las fire dikt for 6000 menneske. Eller 6000 hippiar, som Vetrhus sa, om tilhøyrarane på Haugesund Visefestival i 1972. 

 

Norske poetar skal lete lenge etter slikt publikum i dag. Men ein måte å nå mange, kan vere poesislam. Ja, kan ein no konkurrere i poesi. Nei, kan ein vel la akklamasjon avgjere kven som er «best» og ikkje. Ja, nei, men la no den ballen ligge. Eks-fotballspelar Taro Vestøl Cooper er ein av dei som syntest at tekst, og særleg dikt, var heilt bak mål. Han hadde for mykje ir i kroppen. Men på ein tur i utlandet høyrte han kamppoetar, og skjønte at dikt er mange ting, og at det også er for dei meir utålmodige og fysiske. 

 

Vestøl Cooper var fødd i New York i 1984, er utdanna skodespelar ved Nordic Black XPress, og jobbar frilans som skodespelar, slampoet, arrangør av poesislam på nasjonale scener og på skular, som programleiar og elles alt som tilfell sceneflinke munnkjappe rapparar. Han er den som har vunne NM i Poesislam flest gongar, og har vore den norske representanten ved fleire internasjonale arrangement. I lag med Foreningen Les! er han no med på å arrangere NM i Poesislam. Den første delfinale gjekk under Norsk Litteraturfestival på Lillehammer. Den neste er på Cafétheatret på Grønland, i lokala til Nordic Black Theatre, 13. august. Sjå nettsidene til Foreningen Les! og vurder om det er noko for deg:

 

Til dei som har vore innom poesislam, og trur at det berre er for dei mest høglytte og bråkete, oppmodar eg om å høyre vinnaren av den skandinaviske meisterskapen. Nordsvensken Tobias Erehed er forfattar frå dei norrlendska, djupe skogane, og er ein slags ung og syngande, men like mørk og lunt humoristisk P. O. Enquist eller Thorgny Lindgren. Eller sjå klippet med Olav H. Hauge frå 1972, der dei unge tilhøyrarane – i Vetrhus skildring «klappa i nevane og jubla».