Kven var Sokneprest Alfred Andersson-Rysst?

Det er mange søknadsfristar i september og oktober. DnFs stipend og dei statlege kunststipenda har søknadsfrist 15. oktober. Fleire av dei andre, større stipenda har…

Sokneprest Alfred Andersson-Rysst jobba i Eidsvoll

Det er mange søknadsfristar i september og oktober. DnFs stipend og dei statlege kunststipenda har søknadsfrist 15. oktober. Fleire av dei andre, større stipenda har også søknadsfrist desse dagane. Vi nyttar no høvet til å løfte fram nokre av folka som låner namna sine til

Først ute er Sokneprest Alfred Andersson-Rysst. Frå han kjem Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts Fond, der eit Samlagsstipend spring ut. Prisen er på 10000 kroner, blir gitt av Det norske Samlaget, og stillast inn av skjønnlitterær seksjon i litteraturselskapet Det norske Samlaget. Prisen blir delt ut kvar vår, under Samlagets årsmøte:  

Forfattarøkonomi er eit villniss av inntektskjelder; brødjobbar og eventuelt boksal og statleg stønad. Og så har ein desse prisane, stipenda, legata, minnefonda. Nokre kjem frå private, nokre frå det statlege. Nokre frå det kommunale eller fylkeskommunale, nokre frå forlaga sjølv. Nokre forlag hentar stipendmidla frå driftsoverskot. Andre frå testamentariske gåver, eller andre gåver. Det er ofte rentene frå gåvene som går til stipenda. Då norske renter var oppe i ti prosent, seier det seg sjølv at avkastninga frå gåvene var større. Eit døme på dette er Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts Fond. Det norske Samlaget disponerar ei testamentarisk gåve frå sokneprosen frå Eidsvoll. Eit stipend på 10000 kroner går annankvart år til "eit lovande yngre nynorsk bokmenneske og annakvart år som stønad for samkjensle mellom Noreg og Færøyane eller Noreg og Island . Ein kan tenkje seg til at soknepresten var interessert i unge menneske og språk generelt, kanskje i Island og Færøyene i særskil. Men solid informasjon om mannen har vore vanskeleg å finne. Leksikona fortel at Andersson-Rysst jobba i Eidsvoll, og at han gav pengar til Samlaget. Sjølv ikkje Samlagets 100-års festskrift kan fortelje meir om presten enn dette. Men Audun Heskestad, mangeårig administrator og styremedlem i litteraturselskapet Samlaget, har litt meir å fortelje:

– Soknepresten var særs oppteken av skogsplanting på Island. Han var ein av dei som reiste tidleg dit, med målungdommen, og sette prosjekt i gong, seier han, og meiner at dette med testamentariske gåver eller fondsbaserte stipend er særsilt interessante:
– Det ligg heile historier bak slike stipend, seier Heskestad, som sjølv har reist mykje på Island:
– Ein venn i forleggarrørsla på Island seier at det finnst to typar islendingar: Dei som er for og dei som er mot treplanting, fortel Audun Heskestad. Først litt historikk om skog på Island: Ein fjerdedel av Island skal ha vore skogskledt ved landåmstida. Folk hogde skog for hus og ved. Vind og ver medførte erosjon. Noko skog gjekk og med i vulkanutbrot. No er knappe ein prosent av Island dekt av skog. Størst planting har det vore på nordaustsida av Island. Mellom småbyen Egilstadir og Fljotsdalen i innlandet ligg Islands største skog. Men sjølv denne skogen er på nokre få hektar. Eit hektar eller to er også felta av vegetasjon mellom Reykjavik og Selfoss. Skogsplantarar har eit mål om at 2 prosent av øya skal bli dekt. Blant grunnane til å få tre til å vokse, er å binde jorda til bakken: molda bles vekk når det ikkje er skog. Motstandarane av plantinga gir mangslungne grunnar til å vere i mot det. Ved Egilstadir klagar nokre på at trea står i vegen for utsikta til sjø eller hav. Andre meiner at det er unaturleg med skog på Island. Tredjepartar meiner at ressursane er betre brukt til anna. Frå Noreg kom skogsentusiastar i fleire rundar, i fleire tider, frå midten av førre århundre. Det er uklart når sokneprest Andersson-Rysst var der. Men gåva får han var gitt Samlaget i 1962. Målungdommen var der frå sekstitalet. Nynorskbrukar og samlagsforfattar Rønnaug Kleiva var ein av dei miljøengasjerte ungdommane som drog over for å plante tre. Det var i tiårsskiftet 60  og 70-talet at ho reiste over, og planta i feltet søraust for Reykjavik.

Heskestad gir slik nokre anslag til historiar som ligg bak stipenda som blir innstilt til eller delte ut gjennom året. Det artige med fondsbaserte stipend er nettopp desse historiane. Men problemet med dei er dette med rentenivået. At rentene er så låge no gjer at ein del av forlaga og andre som gir stipend må tenkje nytt og annleis om stipenda.  

Meir om folka bak stipend, fond, legatar, prisar kjem framover, på nettstaden der du no er.