Tull i hopetal

Som gymnasiastar stod Odd W. Surén og Tormod Haugland for juleunderhaldninga på avslutningsfesten. Dikjtforum med Dritleiv Gøra og Syprian Smuss har vokst og endra seg gjennom fleire tiår, og blitt til boka Juletull – av den etablerte forfattaren Surén.

juletull

Blant dei mange bøkene ein skal kjøpe til slekt og venner til jul, er Odd W. Suréns Juletull. Ein gong så ekslusivt og elitistisk, no tilgjengeleg for alle som kan og vil kjøpe boka Juletull.

– Korleis hadde det seg at du begynte å skrive juletull?

– Det tok til som tullete julekort på 1980-talet, og desse var på si side inspirert av noko eg og Tormod Haugland gjorde på gymnaset, me stod for juleunderhaldninga ved avslutningsfesten før jul kvart år, og hadde noko me kalla Diktforum, eller eigentleg Dikjtforum, der eg heitte Dritleiv Gøra og Tormod var Syprian Smuss. Sidan vart det altså julekort, og julebrev, som regel med idiotiske, liksomreligiøse dikt på arkaisk nynorsk. Så, då eg fekk epost, byrja tulletekstane å verta meir omfattande, med prosatekstar i tillegg til rimversa.

– Det var ein gong at nokre utvalde folk fekk ditt juletull i posten eller over e-post. Heilt ekslusivt. Skriv du framleis til ei hard kjerne, eller er det heile ute i allmenta no?

– Nei, eg held fram som før. Årets juletull er på 42 sider, og eg skal senda det ut no dei siste dagane før jul. Eg reknar med å nå ikring 200 personar direkte, og nokre av dei sender det vel vidare, så det er ganske mange som får fat i dette. Diverre har eg mista ei mengd epostadressar, så eg lyt driva litt detektivarbeide, og somme som har fått tekstane før, lyt truleg prøva å overleva jula utan. Det vert nok hardt for mange, men skulle det verkeleg røyna på, finst det vel opne kyrkjer der ein kan samlast i stille bøn og inderleg gråt.

– Er bokutgåva av juletekstane dine noko tøvete sell out?
På ingen måte. Noko av det fine med boka er at ho slett ikkje var tenkt som bok, og at eg difor har skrive utan sjølvsensur eller atterhald. Såleis har eg vore temmeleg fri, noko ein elles sjeldan er. Den vonde legen og gravsteinsagenten Dr. Johan Johan hadde elles ikkje fått sleppa til med forferdelege tekstar som “Nigger Andersen og julen”, til dømes.

– Meir tullete enn nokon sinne. Kvifor tullar du så fælt med jula?
– Jula er jo berre tull.