Om å bu i eit land der tida har stoppa og lova ikkje fungerer

I 2017 starta Den Norske Forfattarforeninga opp ein vennskapskontakt med Den Belarusiske Forfattarforeininga. Leiaren vår, Heidi Marie Kriznik, Victoria Bø og Steinar Opstad har sidan…

img-3479

I 2017 starta Den Norske Forfattarforeninga opp ein vennskapskontakt med Den Belarusiske Forfattarforeininga. Leiaren vår, Heidi Marie Kriznik, Victoria Bø og Steinar Opstad har sidan den gong vitja forfattarkollegaene våre i Belarus. Torsdag 14. november til søndag 17. november var eg i Minsk der opplesing, føredrag, samtale, spørsmål, føredrag på Litteraturmusèet og undervisning i masterklassen ved forfattarskulen stod på programmet.

c02d4224-92d6-4410-9978-c1d458f9e702.jpg

Det er mange som vil ta på nasen til Lenin som no lyser av gull på metroen i Minsk. Før søndagens offisielle valdag hadde førehandsrøystinga allereie byrja. Førehandsrøystene spelar ei nøkkelrolle i regimet sitt gjennomgåande valfusk, der studentane får valet mellom å stemma eller å mista studieplassen sin.

Foto: Inger Bråtveit

 

I den tidlege Sovjetunionen hadde belarusisk språk og kultur gode vekstvilkår, men Josef Stalin sitt russifiserande regime vart eit svart kapittel. Mot slutten av krigen var nærare åtti prosent av Minsk lagt i ruinar. Kvar tredje innbyggjar i landet hadde mista livet, særleg hardt gjekk det utover den jødiske folkegruppa, som før andre verdskrigen var nest størst i landet.

På midten av åttitalet då president Mikail Gorbatsjov for fyrste gong tok ordet glasnost i sin munn, etterfylgt av Perestrojka, leia dette til ei oppmjuking av politikken, som i 1991 førte til oppløysinga av Sovjetunionen. I 1991 vart Belarus sjølvstendig republikk, og landet gjekk frå å heita ” Belorussija” til Belarus. Men tre år etter, i 1994 då president Aleksandr Lukasjenko kom til makta, vart den nasjonale frigjeringsrørsla og dei demokratiske endringsprosessande avvikla.

I ei Lukasjenko-intitert folkerøysting i 1995, vart russisk på nytt innført som offisielt språk. I dag brukar 63 % av innbyggjarane i landet russisk til dagleg, og også mellom etniske belarussarar dominerer russisk. Fleire belarusarar opplever at dei vert påklistra ein russisk nasjonal identitet. Det belarusiske språket vert sett på som språket til opposisjonen, og systematisk diskriminering og ekskludering av belarusisk vert praktisert. Undervisning i belarusisk ved skular og universitet vert ikkje gitt. Ved det ytre sett storslagne Nasjonalbiblioteket, forma som ein diamant, som på kveldstid vert forvandla til eit blenkjande neonlysshow, finst ikkje litteratur skriven på belarusisk i bokhyllene, men er plasserte i arkivet i kjellaren.

uten_navn_9.jpg

Poet, omsetjar og tolk frå engelsk til belarusisk, Hanna Komar (f.1989) har tidlegare vore elev ved Forfattarskulen, og går no vidareutdanninga der ho studerer omsetjing. Eg hadde gleda over å verta tolka og omsett av Hanna Komar, både i møte med publikum i Minsk på Litteraturmuseet og under førelesinga og samtalane med studentane ved Forfattarskulen. Hanna Komar har allereie markert seg som ei sentral litterær stemme i den nye generasjonen av belarusisk poesi.

Foto: Den Belarusike forfattarforeninga ved Tiskhan Carmiakievic

 

Den Belarusiske Forfattarforeininga vart stifta i 1934 og hadde sitt eige hus, Literata Dom. I 2006 vart huset stengt, etter at Lukasjenko oppretta ei ny og statsvennleg forfattarforeining. No er det forfattarforeininga som Lukasjenko oppretta, som disponerer Literata Dom. Medlemane av den eldste forfattarforeininga i landet er drivne ut og kasta på gata, med melding om at dei ville mista det statlege arbeidet sitt om dei framleis valde å vera medlemmar, i ein nasjon som bøtelegg arbeidslause. Hundre medlemmar melde seg ut.

Lukasjenko delar forfattarane sine i to forfattarorganisasjonar og to slags forfattarar: Våre forfattarar, og dei forfattarane som ikkje er våre, men fiendar av staten. Det finst bøker av forfattarar i Belarus som er forbodne, og litteratur skriven av forfattarar som ikkje vert publiserte i dei statlege forlagshusa. Likeins forlag og forfattarmøte med lesarar som er forbodne ved bibliotek og utdanningsinstitusjonar.

Den Belarusiske Forfattarforeninga driv sin eigen forfattarskule som vart etablert i 2012, og leiger i dag med sine 467 medlemmar (der 332 er mannlege forfattarar og 135 er kvinnelege forfattarar) eit to-roms husvære i utkanten av Minsk. Ein av desse forfattarane er nobelprisvinnar Svetlana Aleksijevitsj som etter år i eksil i utlandet no bur like ved elva Svislach.

img-3470.jpg

img-3465.jpgI det gråe novemberlyset om føremiddagen ved Nasjonalbiblioteket ser ein ikkje neonlysa som slår inn når mørket fell på i Minsk. Menneske vert små i møte med denne enorme arkitektoniske sci- fi kolossen av eit bibliotek. 

Foto: Inger Bråtveit

 

Å få møta belarusiske forfattarkollegaer og unge menneske som drøymer om å verta forfattarar i eit land der vilkåra for å utrykkja seg er under press, fekk meg til å løfta blikket, for etterpå å slå det audmjukt ned. Sjølv skriv eg for å tenkja, for å forstå og for å kunna vera i denne verda som så mange gonger ikkje er til å forstå seg på. Eg skriv fordi eg framleis håpar, men kva hender den dagen me ikkje lenger har språk til å utrykkja oss med? Og kva hender når språket vert noko ein teier?

Før eg skulle reisa heim fekk eg ein antologi i gåve av Den Belarusiske Forfattarforeninga. Tittelen på antologien er ”Belarusisk poesi frå ein ny generasjon”. I føreordet skriv redaktør for antologien, Tiskhan Czarniakievicz at den nye bølgja av belarussik poesi mest av alt er kjenneteikna av det totalet fråværet av ideologi. Den nye generasjonen har byrja å grava sine eigne litterære elvekanalar der poesien kan strøyma fritt, ut i frå eit tydeleg og definert ”eg”. Og, avsluttar Czarniakievicz, i føreordet:  ” Om du bur i eit land der tida har stoppa og lova ikkje fungerer, er einaste medisinen for ei sann kreativ skrift, å flykta inn i skrifta sjølv. Å flykta inn til den staden der dei verkelege viktige tinga føregår”.