Å ha noko i vente

Skal ein tru Erlend Loe, er det ikkje ufarleg å debutere som skjønnlitterær forfattar. Redaktøren hans, Herdis Eggen, fekk NRKs Martha Nordheim hekta på Loes…

debutantseminar

Skal ein tru Erlend Loe, er det ikkje ufarleg å debutere som skjønnlitterær forfattar. Redaktøren hans, Herdis Eggen, fekk NRKs Martha Nordheim hekta på Loes debut Tatt av kvinnen. Eksponeringa i NRK genererte ny merksemd, og stressa Loe. Han endte med ein uspesifisert chartertur til Tenerife, der Loes forsøk på å skrive julenoveller for Adresseavisa vart stadig brote av ringing frå mobiltelefonen som den framande romkameraten la att. Men Loe seier også, meir alvorleg, at mediemerksemd og intervju gav han ein måte å etterrasjonalisere eiga skrift: 

– Eg høyrte då eg sa det «dette kjem til å klinge godt». Teksten er ofte djupare og betre enn oss, seier Loe. Forfattaren er i Forfatternes Hus, ilag med 10-15 av 2014-debutantane, og folk frå DnFs styre og Litterært Råd. Ikkje minst er Mikkel Bugge her. Nestleiaren i Norsk Forfattersentrum nemner sitt innlegg som informasjon om korleis ein skal få betalt når ein etterrasjonaliserer litteraturen sin. Så lenge ein er medlem i Forfattersentrum finnst ein del fordeler, men det er også nokre pliktar, informerer Mikkel Bugge, og snakkar om det å organisere fakturering av oppdrag gjennom Norsk Forfattersentrum:

– Det er lov til å ta meir, men ikkje til å ta mindre betalt enn NFs minstesatsar, forklarar Mikkel Bugge. 

Litt våpendrager, litt assistent

Kva betyr det at Mette Møller er DnFs generalsekretær? Sjølv kallar advokaten rolla si mellom anna å vere leiarens nærmaste støttespelar, og vere litt våpendragar, litt assistent. Men også for medlemmar, stiller Møller ofte opp, med råd. Under debutantseminaret minner ho mellom anna om nokre grunnleggande informasjonar om skatt, som det at forfattarar som regel har ei forsinking i forhold til inntening og skatting. Ho peiker også på viktige rettar, som at ein kan få fordelt inntektene over tre år. Det kan lønne seg mellom anna for forfattarar som tener mykje eitt år og mindre eitt anna år, kan sleppe toppskatt det eine året og nullskatt eit anna år, og for å få eit meir tidssymmetrisk forhold mellom inntening og skatting.

Sigmund Løvåsen oppmodar elles alle debutantane om å melde seg inn i sine forlag sine forfattarklubbar. 

– Om det er problem i redaksjonen i forlaget eller andre problem, så er forfattarklubbane viktige. Det er også ei hjelp for DnF for å fange opp problem i forlaga, og jobbe med saker som er viktige for forfattarane, seier Løvåsen.