«Anne» er 45 år

Kvardag på Vesaas, rundt 67-68: Halldis Moren Vesaas sitt bøygd over ein bunke ark. Eit makelaust manus, meir særeige enn anna ho får som konsulent…

© Cappelen Damm

Kvardag på Vesaas, rundt 67-68: Halldis Moren Vesaas sitt bøygd over ein bunke ark. Eit makelaust manus, meir særeige enn anna ho får som konsulent for Det norske Samlaget. «Roman» står det på første arket. 

«Det er mørkt her inne», byrjar forteljinga, med liner som går frå venstre til høgre, nedetter heile sida. Men allereie på fjerde arket løyser det heile seg opp. Som luft som slepp i botnen av myrer, som det blir skildra, kjem det luft mellom orda. Her er det dikt. Der er det utdrag frå medisinsk ordbok. Det er om lunger og sanatorier, om gamle hus, og kva ein finn i kister.

Er dette noko uferdig, eller er det framtida, noko genialt?

Samlaget hadde sendt dette manuset til vurdering hos Halldis, som har gitt ut nokre av dei finaste bøkene sine på dette tidspunktet, og er godt kjent, ho, som ektemannen Tarjei Vesaas. 

Til Tarjei går no Halldis, begeistra, og fortel så glødande om dette manuset at Tarjei sjølv tar til handa. Ikkje for å skrive på eigen genistrek, men for å sende eit brev til unge Paal Helge Haugen. Som han ikkje kjenner. Men Tarjei skriv om dette uvanlege som skjedde på Vesaas, at Halldis hadde lese noko så godt.

I sommar vart den 45 år gamle boka musikkstykke, for hardingfele, på Landeskogen Sanatorium.

Kultboka

– Det var vel noko uvanleg, å få slikt eit brev, seier Haugen, som sjølv sette seg rett til skrivebordet, og svarte. 

Haugen deporterer brevet frå Tarjei, og kjem det i hug når forfattar Gunstein Bakke tar kontakt med han med forespurnad om å lage musikkstykke av boka

– Det er ikkje alltid så godt å lese dei gamle bøkene sine, seier Haugen lunt.

– Sjølv ikkje ei som var så godt motteke som «Anne»?

– Den er no kva den er. Den vart til då eg var eit ungt menneske. Eg tenkte ikkje på den som noko særskilt. Ho var berre ei av mange bøker eg skulle skrive. Men så vart det så mykje leven. Eg kom litt i stuss og vart betenkt. Eg tenkte at eg skulle gå vidare og skrive andre typer bøker. For meg var dette eit «work in progress», seier Haugen.

«Anne» vart gjennombrotet hans som forfattar. Det fekk snart status som eit modernistisk kultverk, og gav den unge karen Nynorsk Kulturpris, med pengar, leseoppdrag, omsetjingar og nye mulegheiter. Men ikkje meir enn at også han måtte gjere som Halldis, og ta konsultentoppdrag. Men insisterte på å skrive under fråsegna. Og det fekk han opp i ymse trøbbel.

Kvardag heime hos Haugen for førti år sia: Paal Helge sitt bøygd over ein bunke ark. Maskinskrivne, sendt til han frå Samlaget, for vurdering. Skal det bli bok av dette eller ikkje? 

Paal Helge les og grunnar, reiser seg, går ein runde. Dotter hans, ho er eit par-tre år no, kjem stabbande med ein bit brød i neven. Den «parkerer ho midt i manuskriptet», som Haugen seier det. 

– Eg måtte returnere dei same arka til forfattaren. Med merke etter dette smørbrødet. Og eit blankt «nei». Forfattaren skreiv attende, og skulda meg og andre konsulentar for å berre bla gjennom manus i matpausene. «Eg ser spora av lunsjpausa di», skreiv han, og visste nok kva vi dreiv med. Ein annan gong fekk eg julekort frå ein eg avslo: «God jul, din drittsekk» 

– Det kostar å vere idealist, seier konsulenten som insisterte på å skrive under både avslag og antakingar. 

Breva i ei gamal kiste

Sekstitalet: Det er vanleg at konsulentane, som Halldis hadde tenkt å vere, er anonyme. Færre bøker blir gitt ut på denne tida. Vurderingane er harde. Men Halldis visste kanskje kva ho gjorde med Haugen. 

Ung og lovande: 23-åringen har gitt ut tre bøker. Eit par omsetjingar, og ei samling noveller. Han er ein del av avantgardekrinsen «Profil». Og skriv som ingen før har skrive. 

Eit «eg» kjem til mørkeloftet av eit dødsbu. Han finn ei kiste, i kista, ein ullstakk, ei skei med mørk rand, og eit bilete av ei jente med stor munn.

Slik byrjar «Anne». Romanen held fram på eit vis ein ikkje har sett i norsk litteratur før. «Anne» blir eit gjennombrot for Haugen, nasjonalt og internasjonalt. Brevet frå Tarjei var eit godt omen. 

– Det var ufatteleg hyggeleg å få brevet frå Tarjei. Men det han ikkje visste, var at eg hadde ei kone som skreiv hovudfag om Vesaas og dikta hans. Andre var mest opptekne av romanane hans, seier Haugen. 

– Men så hadde han sett seg ned og skrive eit brev. Det er eit døme på den form for rausheit som ein må ha. Og som forfattarar har. Eg synest at forfattarane har mykje kjærleik for einannan. Det er heilt påfallande. Det er ikkje for gitt, og gjeld ikkje for alle kunstnargruppar. 

– Kvifor er det slik? 

– Kanskje fordi bokmarknaden er så delt? Vi er i alle fall interesserte i einannan, og ikkje konkurrentar. Vi går på åkeren i lag, og jobbar på den same åkeren.

Bryte ned, bygge opp

Ein sommardag på Valle, 2013: Paal Helge Haugen står i stigen, tjører gamle hus. Han tjører seg sjølv også, utan vilje, slikt reknar han med. Det hastar med å gjere arbeidet ferdig, då det er meldt regn i morgon. Slektsgarden i Setesdalen har eit stort og fem små hus, og så gamle som frå 1600-talet.

Haugen snakkar om husarbeidet med same entusiasme og omsyn, som når han snakkar om kunsten. 

– Anten bryr ein seg om gamle hus, eller så gjer ein det ikkje. Og dei som ikkje har plukka ned eit hus stykke for stykke, dei veit ikkje korleis det er å restaurere, seier Haugen, som sjølv har tatt husa ned, og reist dei opp att der det var meir høveleg. 

– Folk har vore fødde og unnfanga i desse husa. Her har dei levd, har fullført sine liv, seier Haugen, som er sjølvlært med hus, og sjølvlært librettist.

Pioneer kjem frå det franske ordet pion, som betyr «den som kjem først». Etter «Anne» fortsette Haugen i nye spor. Han var nyskapande i 2008, då han gav ut ein plastpose med fire diktbøker. Dei to bøkene han driv med, må vente på ein libretto. 

– Eg legg meg borti ting som eg ikkje har forstand på. Det er slik som ein lærer. Ein må ha interesse og kunnskap innan sjangeren. Elles kan ein berre la vere. Arne Nordheim pleide å seie at han ikkje hadde nokon formell komponistutdanning, men at han hadde studert komposisjon med Knut Hamsun, seier Haugen alvorleg, og legg til. 

– Det var ikkje berre spøk. Det er noko med ein måte å forholde seg til stoff på. Oppbygging, valører, pauselause verdiar. Eg har gått i skule hos komponistar. Også som forfattar.