Ansvar for kutt og konsekvensar

I regjeringsplattforma står det at Høgre og Framstegspartiet skal ta særleg omsyn til lesar og forfattar. Der er dei på linje med Forfattarforeininga. Sist veke…

kutt_i_innkjopsordningen

I regjeringsplattforma står det at Høgre og Framstegspartiet skal ta særleg omsyn til lesar og forfattar. Der er dei på linje med Forfattarforeininga. Sist veke hevda Åmås at det blir snakka for lite om lesarane, og legg på twitter til at det blir snakka for mykje om forfattarane.

Å seie at forfattarorganisasjonar eller bokbransje ikkje tar omsyn til lesarane ved å snakke om forlag, bokhandel og forfattarar, blir som å påstå at politikarane ikkje tenkjer på pasienten når dei snakkar om omorganisering av helseføretak. Det er billig retorikk. At vi som fagforeining for forfattarar talar forfattarane si sak bør ikkje overraske. Men svært ofte talar vi også direkte eller indirekte lesarane si sak. Skal lesarane få mange ulike bøker å velje mellom når dei skal ut og kjøpe eller låne, må det skrivast og bli utgitt eit rikt utval. Skal vi ha ein rik og frodig bokproduksjon må ein frodig ungskog og gammalskog av forfattarar ha økonomisk rom til å skrive. Forfattarar, som alle andre, arbeider og produserer betre når dei har høve til å gjere det. Det må finnast ordningar (som innkjøpsordninga) som gjer at forlag tør satse på breidde og som gjer at bøkene når lesaren, t.d. gjennom bibliotek. Det er ikkje for at alle skal lese og like alt, men for at vi i vårt vesle språkområdet skal skape ulik litteratur som appellerer til ulike lesarar. Valfridom, som Høgre villa ha formulert det.

Åmås gjentek stadig at politikken skal bli utforma i nært samarbeid med flest muleg av dei som blir berørt. Og han meiner innkjøpsordninga treng ein gjennomgang, det er ei ærleg sak. Men det var lite kontakt mellom Kulturdepartementet og forfattarar, lesarar, bibliotek og forlag før Åmås & co kutta 10 millionar i potten. Gjennom innkjøpsordninga blir skjønnlitteratur for vaksne og ungar, sakprosa og teikneseriar kjøpt inn av Kulturrådet og sendt ut til biblioteka rundt om i landet. I år blir det også kjøpt inn 70 e-boklisensar av vaksenbøkene, eit tilbod lesarane har vist dei sett pris på.

Mange folkebibliotek har tronge innkjøpsbudsjett. Gjennom innkjøpsordninga er dei og lesarane sikra hyller fylte med mange av årets norske bøker, sjølv om det er smalhans i kommunen. Lell klarar Åmås å framstille det som om innkjøpsordninga i dag er ”basert på forlagenes interesser alene”. Ordninga bør sikkert justerast, bli tilpassa samtida (som t.d. at no e-bøker inngår) og formidlinga av bøkene bør bli betre, det er det svært få som er ueinige i. Regjeringa sitt svar på dette er å kutte i budsjetta og sjå kva som skjer, utan å på førehand vurdere kva konsekvensar det får, utan å snakke med nokon av dei som blir berørt.

Inntektene til forfattarane er truga på mange frontar. Det er ei forventing om låge prisar for alt som blir selt digitalt, noko som gir forfattarane inntektskutt. Færre bokhandlarar teiknar litteraturabonnement der dei forpliktar seg til å ta inn det som gis ut. Da går også opplag og forskott til forfattaren ned. Regjeringa svara i fjor haust på desse utfordringane med å foreslå kutt i kunstnarstipenda. Dei gjekk seinare attende på dette, og det er vi glade for. Men når dei no også kuttar i Kulturrådets budsjett og i innkjøpsordninga, står dette i skarp kontrast til deira eiga målsetting om å bygge kulturen nedanfrå, styrke biblioteka, prioritere lesarane og gi forfattarane betre kår for å kunne leve av det dei skriv.

Åmås driv med ansvarsfråskriving kvar gong kutta i Kulturrådet kjem opp. Men politikk er å ta ansvar. Får lesarane eit dårlegare tilbod i sitt lokale bibliotek på grunn av regjeringas kutt i innkjøpsordninga, er det til Åmås og Widvey dei må vende seg. Det er der ansvaret ligg.

 

(Innlegget står i dag på trykk i Klassekampen)