Aschehougprisen til Per Petterson

Grunngjevingstalar varar og går, og rullar seg ut som ein god kriminalroman. Lyttarane får tidlege hint som ein kjenner seg smart om ein fangar opp:…

per_petterson_foto_cato_lein

Grunngjevingstalar varar og går, og rullar seg ut som ein god kriminalroman. Lyttarane får tidlege hint som ein kjenner seg smart om ein fangar opp: referansar som dei som har lese legg merke til. Slik var det også i kveld, i Drammensveien 99, under Aschehougs reelt legendariske hagefest. Oska blei dryssa i skoa våre, trass i vatnet, som sette oss som i eit kjølvatn; byger som sjøv Yr.no og Storm.no nekta for men som like mykje var der og la ein dempar på høge frisyrar, men ikkje på forventingane. "Det må vere Per Petterson," kviskrar tennispoet Jon Ståle Ritland til sidemannen. "Nei, Pettersson har fått prisen før! Heilt sikkert!" trur sidemannen. Men minutt seinare kjem Petterson på podiet, får ein bukett blomar av DnF-leiar Sigmund Løvåsen, og held takketalen sin: Audemjukt fortel han om den noko kronglete vegen til debut, og vidare derfrå til gjennombrot og suksess. Samstundes bryr regnet laus, og held fram – heilt til Litteraturhuset og etterfest. Den rekk du lett, om du spring til trikken eller t-banen no.