– At sanninga kom fram

– Eg er ikkje eksepsjonell. Alle kan gjere det som eg har gjort, seier Edward Snowden, når han får Bjørsonprisen under Bjørnsonfestivalen 2015. Den tidlegare etterretningsmedarbeidaren…

img_5437

– Eg er ikkje eksepsjonell. Alle kan gjere det som eg har gjort, seier Edward Snowden, når han får Bjørsonprisen under Bjørnsonfestivalen 2015. Den tidlegare etterretningsmedarbeidaren frå USA får prisen for arbeidet sitt for personvern, og m.a. for å rette eit kritisk søkelys mot ulovleg overvakning: over den som USA skal ha gjort mot sine eigne innbyggarar.Han er til stades via storskjerm og internettoverførd videosamtale. Stolen der han skulle ha sitte på scena står tom. Den norske staten klarar ikkje å sikre han immunitet om han skulle komme seg hit for prisseremonien. Men leiar i Bjørnsonakademiet og Norsk Pen, Hege Newth Nouri, lar stolen stå. Ho drar veksel på liknande situasjonar når ytringsfridomsprisar blir delte ut: Prisvinnarane får eller kan ikkje forlate eksilet, eller dei sitt i fengsel. Snowden er i eksil i Moskova; ein situasjon som intervjuar Per Anders Johansen frå Aftenposten stiller spørsmål ved: I kor stor grad er byen og nasjonen vald av Snowden, og kor mykje er det ein naudsynt situasjon? 

Attende til 2013: Edward Snowden bur i Hawaii med kjærasten sin. Han jobbar med IT for CIA sin etterretningsteneste. Der opplever han at CIA ikkje berre overvakar utanlandske rettssubjekt, men også sine eigne. Snowden samlar informasjon om dette, til ein kryptert pakke adressert ein profilert Guardian-journalist. The Guardian samlar senior-journalistar til å presentere Snowdens filar og materiale til allmenta. Dei samarbeider med New York Times. Edward Snowden flyktar frå USA. Passet hans blir kansellert av USA når han er på veg mellom Hong Kong og USA. Han er etterlyst internasjonalt, og sikta i USA for spionasje og tjuveri av statleg eigendom. Via internett i Moskva, fungerer Snowden framleis som ein offentleg figur. 

Men kor mykje tør og kan Snowden seie, eigentleg, der han sitt mellom russarar? Kor fri er han der? Kor drilla var han av russiske myndigheiter før han kom på skjermen, til tale og samtale med og til det norske publikummet? Snowdens foreløpige heim i Russland kjem neppe gratis. Utanfrå ser det velfungerande ut: Snowden kan ikkje, som han sjølv seier: Gå på Wallmart og handle ting. Men han kan halde nettbaserte framlegg for Harwardstudentar, og interagere i samtalar som denne, med Johansen og Hege Newth Nouri. Men han får ikkje komme til Molde; fribyforfattarbyen som sidan 2005 har vore ein trygg hamn for forfulgte ytrarar. 

– Eg forventa ikkje dette då eg varsla om situasjonen i amerikansk etterretning. Eg forventa fengsel og isolasjon, seier Snowden. Dette er noko av det som gjer framlegget hans så sterkt: Han skisserer livet som han gav opp for å få sanninga fram: "Eg levde i paradis, i Hawaii, med kvinna som eg elskar. Eg visste vel kva eg gjorde, og skjønte konsekvensane. Men eg gjorde det likevel," seier Snowden. Johansen ønskjer å høyre Snowdens syn på framtida si. 

– Det er ikkje opp til meg å avgjere, seier Snowden: – Eg braut loven. 

– Kva er den viktigaste konsekvensen av handlingane dine? spør Per Anders Johansen. 

– Sanninga. At den får komme fram, seier Snowden. 

Bjørnsonprisen har vore delt ut sidan Bjørnsonakademiet blei skipa i 2003. Prisen er på 100 000 NOK. Snowdens invitasjon til Noreg, for å få diplomet og eit kunstverk, som prisen også består av, står ved lag. Bjørnsonakademiet kjem til å arbeide vidare mot norske myndigheiter for å muleggjere Snowdens reise til Noreg. I Noreg får vi no ein gyllen sjans til ein kvalifisert samtale om overvakning, og få meir kunnskap om tema – både i høve norske og utanlandske tilhøve. 

Luke Harding er journalist i The Guardian, og ein av dei som jobba med materialet som Edward Snowden sendte avisen i 2013. Harding er også journalist, og skreiv The Snowden files. Den er gitt ut på norsk av Press Forlag.