barna utenfor er ikke våre/ men de har stått der en stund

Det var Monica Aasprong som ønskte å høyre frå Tina Åmodt, den unge (f. 1985) forfattaren og kritikaren – som er utdanna forfattar frå Skrivekunstakademiet…

Tina Åmodt © Kolon Forlag

Det var Monica Aasprong som ønskte å høyre frå Tina Åmodt, den unge (f. 1985) forfattaren og kritikaren – som er utdanna forfattar frå Skrivekunstakademiet i Hordaland og Litterær Gestaltning i Göteborg. Åmodt debuterte som forfattar med kortprosasamlinga Anleggsprosa i 2009. Boka blei tatt vel i mot av kritikarar og folk; ja, det er sjeldan å sjå ei debutbok ha eit så langt etterliv her i landet; som den kanadiske forfattaren av debutsamlinga Wide slumber for lepidopterists (noregsvennen a.rawlings) held Åmodt framleis på med formidling av debuten – mange år etter. Åmodt har gjort anna også, det er ikkje det; ho gav ut boka Syntesen i lag med svenske Ida Säll, og skriv no på roman. Åmodt budde og jobba i Bergen frå etableringa av, kva skal ein kalle det – anna enn eit godt miljø for forfattarar og litteraturen å vere i. Åmodt var stipendiat på Dagnyprogrammet i Krakow. Debutboka er omsett til svensk og ungarsk; språk som kanskje kler den sobre og presise prosaen: Åmodt har vore samanlikna med avdøydde Bjørn Aamodt – også han ein som skildrar anleggsarbeid stramt – men likevel nok. Nok sagt. Les eit nytt dikt av Åmodt her, no.