- Kjelde: http://www.nb.no/Hva-skjer/Aktuelt/Nyheter/Biblioteka-stoppar-nedgangen-i-bokutlaanet
For første gong på 10 år er utlånet av bøker i norske folkebibliotek stabilt. I 2015 blei det lånt 16,8 millionar bøker frå norske folkebibliotek. Dette er heilt likt med 2014.
– Biblioteka har lagt ned eit stort arbeid og ser ut til å lukkast med den offensive litteraturformidlinga, seier direktør for Nasjonalbiblioteket Aslak Sira Myhre.
Totalt blei det registrert 22,4 millionar besøk i norske folkebibliotek i 2015. Det er éin million og 4,6 prosent meir enn året før. Auken i talet på arrangement held også fram. I 2015 var det nær 22 000 arrangement i folkebiblioteka, ein auke på 18 prosent frå 2014.
– Alt dette heng saman. Når biblioteka har fleire arrangement, aukar besøket og biblioteka kan formidle meir litteratur. Neste år vil me for fullt sjå effekten av den nasjonale bibliotekstrategien, då trur me aktiviteten aukar enno meir, seier Sira Myhre.
Meir utlån av skjønnlitteratur
Born og unge lånte 2,5 prosent fleire bøker i 2015 enn i 2014. Vaksne lånte litt færre bøker, men lasta samstundes ned fleire e-bøker. Begge gruppene lånte meir skjønnlitteratur, medan utlånet av faglitteratur til både born og vaksne gjekk ned.
– I realiteten ser me ein vekst i utlånet av skjønnlitteratur, medan faglitteratur, film og musikk, som i stor grad har flytta seg til nett, naturleg nok går ned, avsluttar Sira Myhre.
Nye og “gamle” medium
Tilbodet om lån av e-bøker har breidd om seg i norske folkebibliotek, og det var 393 kommunar som rapporterte om dette tilbodet for 2015. Talet på nedlastingar av e-bøker gikk opp frå om lag 250 000 i 2014 til 460 000 i 2015. Av dette var 390 000 e-bøker for vaksne. Utlånet av film og musikk fell med om lag 10 prosent.
Meiropne bibliotek
For første gong er det samla inn statistikk om meiropne bibliotek. Desse biblioteka gir publikum tilgang utanfor dei vanlege opningstidene der personale er til stades. I 2015 hadde 71 kommunar dette tilbodet ved hovudbibliotek eller avdelingar.
Nedgang i utgiftene til mediekjøp
Biblioteka brukte 3,9 millionar mindre på mediekjøp i 2015 enn i 2014. Etter indeksregulering svarer dette til ein nedgang på 4,9 prosent.
Folkebibliotekstatistikken for 2015 finn du på Nasjonalbiblioteket sine nettsider.