Bli til

Kan ein lære å bli forfattar? Bøker i Bø stiller spørsmålet til professor emeritus i skrivekunst, Eldrid Lunden. Lunden svarar:  Det er det spørsmålet som…

Kan ein lære å bli forfattar?

Bøker i Bø stiller spørsmålet til professor emeritus i skrivekunst, Eldrid Lunden. Lunden svarar: 

Det er det spørsmålet som eg er stilt oftast i dei 30 åra eg har arbeidd med forfattarutdanninga. Underteksten er det at talent ikkje kan lærast. Og er det då nokon grunn til å drive med utdanning?

Er det svar nok?

Ordstyrar Cathrine Krøger sender det same spørsmålet til Lillegraven: Må ein ha talent for å vere ein god forfattar? Lillegravens svar:

Viss eigenskapar er på plass, så kan mykje bli lært. Det må vere ein kombinasjon av talent og vilje til å lære, halde på, halde ut. 

Under programposten spør Krøger til dømes: 

Er samtidslyrikken formal, men innhaldsmessig likesæl?

Er det greitt at så mange av dei uerfarne forfattarane vågar seg ut på eg – formen, den som t.d. Sigbjørn Obstfelder definerte som vanskeleg: «Eg» – forteljaren krev ein forfattar som kan halde tilstrekkeleg avstand til fortellaren sin. 

Av dei tinga som Lunden seier, er: 

Poesien kan oppstå i ein populær tekst, ein religiøs tekst, i ein meir tradisjonell ramme. 

Vi må gi folk (i samanhengen: forfattarstudentane) ordet, og så ser vi om dei har nokon å snakke med. 

Dei siste avgangselevane frå Bø lanserar avslutningsantologien sin under Bøker i Bø og er mykje tilstades under festivalen. Om elevane som ho har vore med på å utdanne gjennom åra, seier Lunden at det alltid er nokon som er outstanding. Kor mange av dei som er det, det varierar frå år til år.