Bloggedommen

Norske Bokbloggere er ei samleside, der ein finn metastoff om det å blogge om litteratur. Ein finn også noko stoff om litteraturen sjølv, såklart, og lenker…

© Mette Karlsvik

Norske Bokbloggere er ei samleside, der ein finn metastoff om det å blogge om litteratur. Ein finn også noko stoff om litteraturen sjølv, såklart, og lenker til viktige norske bloggarar som Aina Basso, "Bokelskerinnen" (Anette S. Garpestad), og "Ziarah", Ida Zachariassen Sagberg. Saman har Norske Bokbloggere jobba seg fram til ei kortliste over fjorårsbøker dei liker. Fram til slutten av juli arrangerer dei samlesing. Dei tar ei bok i kvar månad, les saman, og vil kåre ein vinnar etter endt lesing. Det er i år første gong at prisen blir delt ut.