Boklovstilen

Dei som prisar friprisveldet, har ikkje forstått det, skriver Lars Ove Seljestad i denne saken som i dag står på trykk i Klassekampen (lenke til innlegget: http://tinyurl.com/ckbpcpt ).

Det er eit merkeleg spel som akkurat no går føre seg om norsk litteraturpolitikk. Den noe underlege konstellasjonen ein kulturredaktør i Aftenposten, ein direktør i Konkurransetilsynet og ein forskingsdirektør ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, er blitt markeds­kapitalismens faneberarar i kampen mot ei norsk boklov.

Lars Ove Seljestad

Dei som prisar friprisveldet, har ikkje forstått det, skriver Lars Ove Seljestad i denne saken som i dag står på trykk i Klassekampen (lenke til innlegget: http://tinyurl.com/ckbpcpt ).

Det er eit merkeleg spel som akkurat no går føre seg om norsk litteraturpolitikk. Den noe underlege konstellasjonen ein kulturredaktør i Aftenposten, ein direktør i Konkurransetilsynet og ein forskingsdirektør ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, er blitt markeds­kapitalismens faneberarar i kampen mot ei norsk boklov.

Visst nok skal det vera det at norske forlag er så dårlege på tilrettelegging for e-bøker, samt omsynet til lesarane, som gjør at dei rykkjer ut på valplassen og seier nei til ei norsk boklov.

At forleggarforeining og forfattarforeining er samde i sitt syn på at norsk litteratur er best tent med ei boklov, er for desse tre musketerane eit argument mot boklov og fastpris.

Visst nok skal denne semja vera eit talande bevis på korporative tendensar i norsk bokbransje. Men kvifor gå langt inn i framandordboka og leita opp ord som korporatisme og konspirasjon?

Kvifor ikkje gå for den openberre og kortreiste slutninga? At forleggarforeining og forfattarforeining i denne saka er samde, fordi ei boklov er det beste for norsk litteratur? Og dersom det er bra for norsk litteratur, så er det bra for lesarane av norsk litteratur.

Målet til forleggarar og forfattarar kunne jo vera å legga forholda til rette for ein best mulig norsk litteratur, som samstundes er breiast mulig og mest mulig mangfaldig.

Men det er visst ikkje dette som er dei tre fri­prisbegeistra musketerane si hovudinteresse. Deira hovudinteresse er at kunden skal få ei billegast mulig bok i hendene. Om dette er oversatte internasjonale bestseljarar som, med muskelsterke internasjonale forlagshus i ryggen, slår ned i den norske litteraturåkeren som ein grashoppesverm, og et opp såkornet som kunne gått til å styrka, vedlikehalda og vidareutvikla ein norsk litteratur med både breidde og kvalitet, ser ikkje ut til å uroa dei nemneverdig.

Det viktigaste er billeg. Billeg er alltid bra. Billeg er best.

Men kor blei det av ansvaret for den norske litteraturen? For norsk språk og kultur? For norske forfattarskap? For norsk samtids­tolking, beskriving og framstilling?

Det er rørande å sjå dei tre friprisapostlane si omsorg for høgtlønna norske bokkjøparar, men kor blei det av omsorga for den norske litteraturen, og for ein norsk litteraturpolitikk som syter for at vi også i framtida har ein kvalitativt god og mangfaldig norsk litteratur som vi kan vera glade i, og stolte av? Ein norsk litteratur som er i stand til å gi oss innsikter, opplevingar og samtidstolkingar som vi ikkje visste at vi hadde bruk for?

Den veit best kor skoen trykker, som har den på, seier eit gammalt norsk ordtak. Ja, nettopp. Kanskje det er difor forleggarar og forfattarar er samde i kravet om ei norsk boklov?

For forskingsdirektøren ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er det, visst nok, også problematisk at dei to forskingsmiljøa som har utreda boklovspørsmålet på oppdrag frå Kulturdepartementet ligg i Oslo.

Ja, sjølve det faktum at dei to, rett nok, svært ulike forskingsmiljøa, i stor grad kjem fram til konklusjonar som støttar tanken om ei norsk boklov, gir grunn til å tvila på funna deira. Ja, det gir beint fram grunn til å mistenka dei for kameraderi, inhabilitet, kort sagt, for den vanlege hovudstadssmitta kulturnepotismen som blir så godt synleg sett frå Sogndal.

Pussig nok framhevar friprisforkjemparane den eineståande kvaliteten på norsk samtids­litteratur, slår seg stolte på brystet og viser til ein eventyrleg eksportsuksess for norsk litteratur til utlandet.

Som om ikkje denne suksessen er eit resultat av ein bevisst og velfungerande norsk litteraturpolitikk gjennom mange år. Utanlandske forleggarar og litteraturkunnige forstår kva den eineståande norske litteraturpolitikken betyr for framveksten av ein avansert, interessevekkande og kvalitetssterk norsk litteratur. Men det forstår ikkje friprissystemets heimlege apostlar.

Det kan, i denne saka, synast som noe av eit paradoks at store og robuste kulturnasjonar som Frankrike og Tyskland ser seg tente med å bruka ei boklov for å beskytta og fremma eigen nasjonal litteratur og eige nasjonal­språk, mens sentrale norske kulturaktørar bruker kreftene sine til å kjempa mot eit tilsvarande lovverk i det kulturelle mikro­landet Norge.

Det er som om dei framleis står på Lillehammer og slår OL-floka, samstundes som dei har sett Gro si herostratiske nyttårsutsegn om at «det er typisk norsk å være god» på evig repeat.

Men det er ikkje typisk norsk å vera god. Det er typisk norsk å vera god forfattar. Fordi vi har gode litteraturpolitiske tiltak som fungerer.

Det forstår den internasjonale bokbransjen. Det forstår norske forfattarar og forleggarar.

Dei som prisar friprisveldet, har ikkje forstått det.

Det store spørsmålet er likevel om kulturministeren forstår det same som ein samla norsk bokbransje har forstått. Til henne vil eg seia: Gå for Boklovstilen. Det er den som kjem til å bringa norsk litteratur lengst.