Bokmessa i Frankfurt 2019 vart vellukka for Noreg som gjesteland

Den breie satsinga på Noreg som gjesteland på den internasjonale bokmessa i Frankfurt i 2019 har bidratt positivt for norsk litteratur og kultur, og til eit fortsett sterkt tysk-norsk samarbeid.

Gjestelandssatsinga er no evaluert av Samfunnsøkonomisk analyse (SØA).

– Eg er glad for at vi no ser at satsinga på bokmessa i Frankfurt var vellukka. Både for norsk litteratur, men òg for andre kunstfelt som har kunna styrka sin posisjon internasjonalt. Det inspirerer til å halde fram med satsinga på å nå ut i verda med norsk kunst og kultur, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

Måloppnåinga for satsinga generelt vurderast som god, men noko lågare enn venta med omsyn til aktiv deltaking frå sentrale næringslivsaktørar.

Bidraget til profilering og relasjonsbygging synest å vere viktigast, mens langsiktige effektar i form av eksport av norsk kunst og kultur er det for tidleg å vurdere, ifølge Samfunnsøkonomisk analyse.

Vellukka spleiselag

– I tillegg til eksport av norsk litteratur og kultur, var ytringsfridom, kulturelle rettar og demokrati gjennomgåande tema i gjestelandprosjektet. Gjennom eit mangfald av kulturelle uttrykk blei norske perspektiv, tankesett og våre felles verdiar fremma for eit internasjonalt publikum, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide.

Etter SØA si vurdering har gjestelandsatsinga vore med på å etablere nye nettverk og styrke eksisterande nettverk, både kulturelt og politisk. Ho var organisert som eit prosjekt hjå NORLA, og hadde eit samla budsjett på 52 millionar kroner. Av dette var 30 millionar i statleg tilskot løyva med like deler frå Utanriksdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Kulturdepartementet.

Det var satt som ei forutsetning at ein substansiell del av finansieringa skulle komme frå private sponsorar. Frå privat næringsliv kom 7 millionar kroner frå aktørar i litteraturbransjen. Andre private aktørar bidrog med 1,4 millionar som utgjer 3 prosent av samla budsjett.

Ifølge SØA har NORLA tatt fleire viktige grep. Prosjektet var godt forankra i departementa og i leiinga til NORLA. Som konsekvens fekk NORLA god tid til å planlegge og førebu satsinga, og prosjektet nytta eksisterande kompetanse og nettverk til det fulle. I tillegg blei aktørar i norsk kulturliv utover aktørane på litteraturfeltet involvert i gjestelandsprosjektet.

– For oss har det vore viktig at gjestelandssatsinga også blei brukt som arena for internasjonalisering av andre kunstfaglege felt enn litteratur. Vi er glade for at fleire fekk moglegheita til å skape nye nettverk og styrka eksisterande, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

Digital oppfølging

Å halde på resultata frå denne typen aktivitetar er alltid utfordrande, ifølge evalueringa, og koronapandemien har auka denne utfordringa. Pandemien har ført til at planlagde oppfølgingsaktivitetar har vorte kansellert, utsett eller flytta til digitale plattformar.

Samstundes er det også fleire som peiker på at gjestelandssatsinga har hatt ein ekstra eller uventa positiv effekt. Det å ha treft kvarandre fysisk nyleg, og å ha delt ei positiv oppleving, kan gjere det lettare når møter må tas digitalt, framgår det av evalueringa.

Les heile evalueringa her.