Brageprisen for beste skjønnlitterære bok for vaksne til Gaute Heivoll, heidersprisen til Herbjørg Wassmo

Herbjørg Wassmo vann Brages heiderpris og Gaute Heivoll prisen for beste skjønnlitterære bok for vaksne. Sjølv om Wassmo får prisen for eit forfattarskap, er likevel…

Heivoll og Wassmo

Herbjørg Wassmo vann Brages heiderpris og Gaute Heivoll prisen for beste skjønnlitterære bok for vaksne. Sjølv om Wassmo får prisen for eit forfattarskap, er likevel fjorårsboka "Hundre år" høgt oppe i minnet til mange. Der skildrar ho mykje av livshistoria si. Biografi er også eit stikkord for boka som Heivoll vann med: "Før jeg brenner ned". Han var nominert i lag med Thure Erik Lund, Johan Harstad og Beate Grimsrud. Brageprisen er ein litterær pris som vart delt ut den første gongen i 1992. Forleggerforeningen, som gir prisen, har sia då auka prisbeløpet opp til 75 000 kroner, og gir den no i fire kategoriar: Skjønnlitteratur for vaksne, skjønnlitteratur for barn, bildebøker (open klasse), og sakprosa. 

 

 

I fjor gjekk brageprisen til Karl Ove Knausgård og "Min Kamp". Eit av dei mest påfallande karakteristikkane ved boka, er at faktiske biografiske hendinger blir skildra i detalj. Gaute Heivoll er av nokre journalistar, kritikarar og bokbloggarar blitt nemnt i same andedrag som Karl Ove Knausgård sin form. Begge skriv i "eg"-form, og brukar også andre sine namn i skjønnlitteraturen sin. Heivoll sin bok tar utgangspunkt i ein serie branner som skjedde i heimbygda hans i den tida då han var fødd.

Ingunn Økland skriv om prisen i Aftenposten frå måndag 22. november: Sjeldan har dei skjønnlitterære kandidatane så tydeleg gått inn i ein litterær trend. For det er privatlivet som gjeld i samtidslitteraturen, eller ein idé om at forfattaren sin tilstedeveren skapar spaning og intensitet. (vår omsetting til nynorsk). Vi forstår Ingunn Økland slik at forlagene er med på å framprovosere "røyndslitteraturen". Ho skriv: Eg tviler på at forlaga vil bremse ned og seie: Dette blir for drøyt, no stoppar vi her.

Det er Forleggerforeningen som gir og organiserar Brageprisen. Signalet frå Bragepriskomitteen er i år, som i fjor: Ja takk, dette vil vi gi prisar til. Spørsmålet vidare blir kanskje det om kva type pris Brage har blitt til. Den er bare ein av fleire skjønnlitterære prisar. Den er ein av få sakprosaiske prisar. Får den mest kredibilitet som sakprosapris?

Gratulasjonar går uansett til Bragekomiteen for å velge "Tøyengata" som beste sakprosabok. Dette er ei sakprosabok som bruker virkemiddel for å hjelpe lesaren gjennom det essayistiske stoffet. Forfattar Tone Huse disponerar boka si rundt ein tur frå ein ende til den andre, av Tøyengata.