Dahle, Breen og Almhjell blant dei nominerte til KUDs litteraturprisar

Kulturdepartementets nominasjonar er delte i kategoriane Litteraturprisen, pris til beste biletbok, fagbok, illustrasjon, debutant og omsetjar.  Dei nominerte til Litteraturprisen er Gro Dahle (forf.) og…

megzilla

Kulturdepartementets nominasjonar er delte i kategoriane Litteraturprisen, pris til beste biletbok, fagbok, illustrasjon, debutant og omsetjar. 

Dei nominerte til Litteraturprisen er Gro Dahle (forf.) og Kaia Dahle Nyhus (ill.): Megzilla. Cappelen Damm, Torbjørn Moen: Jenta i speilet. Omnipax, Inga H. Sætre: Fyrvokterne. Cappelen Damm. Bildebokprisen: Stian Hole: Morkels alfabet. Cappelen Damm, Hege Siri (forf.) og Mari Kanstad Johnsen (ill.): Tunellen. Magikon, Øyvind Torseter: Mulegutten. Cappelen Damm. 

Til Fagbokprisen er desse nominerte: Marta Breen, Jenny Jordahl og Madeleine Schultz: F-ordet. 155 grunner til å være feminist. Forlaget Manifest, Gunhild J. Ecklund: Hva er økonomi? Fakta og funderinger.Orkana, Øyvind Holen (forf.) og Tore Strand Olsen (ill.): Tegneserienes historie. Cappelen Damm

Illustrasjonsprisen kan bli vunne av Bo Gaustad for illustrasjonane til Veronika Erstads Kattejenta. Cappelen Damm, Marius Renberg for illustrasjonane til Tom Egelands Den store spøkelsesboka. Aschehoug, Kari Stai for illustrasjonane til Frøydis Alværs Mer enn bare luft. Magikon

Kattejenta

Kattejenta

Nominerte til Debutantprisen: Veronika Erstad:Kattejenta. Cappelen Damm, iIllustrert av Bo Gaustad, Kjartan Hjulstad: Minnesota og støvet. Gyldendal, Alice Lima de Faria: Det var ikke jeg! sa Robinhund. Cappelen Damm

Line Almhjell er blant dei nominerte til prisen for beste omsetjing, for den frå amerikansk-engelsk av Una LaMarches Bare i Brooklyn. Gyldendal, Egil Halmøy for omsetjinga frå dansk av Kim Fupz Aakesons Jeg er William. Gyldendal, Hilde Stubhaug for omsetjing frå amerikansk-engelsk av Andrew Smiths Gresshoppejungel. Aschehoug

Tegneserieprisen: Jason: Frida Kahlos papegøye. Magikon, Kristian Krogh-Sørensen: Gulosten. Liv i helvete. No Comprendo Press, Øystein Runde (forf.) og Knut André Solberg (ill.): Futen. Gyldendal

Prisen blir delt ut av kulturminister Linda Cathrine Hofstad Helleland fredag 4. mars 2016 kl. 13.00 i Nasjonalbibliotekets Store auditorium, Henrik Ibsensgt. 110 (Solli plass), Oslo.