Debutantanes kveld

DnF inviterar årets skjønnlitterære debutantar til treff i Forfatternes Hus i kveld. Forfattarar av dikt, romanar, krim eller kortare prosa kjem til Rådssalen klokka 18.00,…

DnF inviterar årets skjønnlitterære debutantar til treff i Forfatternes Hus i kveld. Forfattarar av dikt, romanar, krim eller kortare prosa kjem til Rådssalen klokka 18.00, for innleiinger og framlegg frå mellom andre generalsekretæren i DnF, Mette Møller, og representantar frå Det litterære Råd og Norsk Forfattersentrum. I fjor tok ein stor kontigent av 2010-debutantane turen til treffet, som pleier å vere ei hyggeleg og lærerik hending. Ein av debutantane skal vinne Tarjei Vesaas Debutantpris, Noregs svar på den amerikanske Hemingway Foundation/PEN Award, franske Prix Goncourt du Premier Roman, britiske Guardian First Book Award eller Noma Literary Prize.