Debutantar til Forfatternes Hus

Atle Berge

På sykkel frå Torshov, og trikk frå Grefsen; med t-bane og til fots, kom ein gjeng ungdom til Forfatternes Hus. I svarte dressjakker, og med raude kjolar og kinn raude og lepper kvite frå ein krystall-kald Oslo by, kom dei skjønnlitterære debutantane av året opp trappa til Forfatternes Hus. Over trappa, over debutantar og nokre inviterte, etablerte forfattarar, hang eit oljemåleri så stort at det i sin tid blei eit prosjekt å få det frakta opp hit til Forfatterenes Hus: Bildeutgåva av Sigrid Undset, Oskar Braathen og andre nyrealistar og andre 1900-talsforfattarar skulle også komme til dette huset med bil. Det var for stort, og ikkje heilt til å handtere. I festsalen i Rådhusgata 7, var det på tysdag debutanttreff:

Paal Bjelke Andersen (f.v) Eivind Buene, Anne Oterholm

 

Medlem? Ikkje-medlem? Vi gir dei same rettane og tilboda til alle, sa Anne Oterholm til debutantane. Det er særleg DnF sin generalsekretær Mette Møller som kan tilby bistand til forfattarar. Møller, som er advokat, snakka om kva type bistand DnF gir forfattarar; om forhandlinger om kontraktar, eller om spørsmål om fråverande kontrakter. I eit miniforedrag om forfattarøkonomi, var det særleg to hovudbodskap frå Møller: Forfattarar bør avklare tidsaspektet ved inngang av kontrakt! Og; kjøp ringperm og holmaskin for å ta vare på kvitteringer og liknande før skatteoppgjer.
Ingvild Herzog introduserte Norsk Forfattersentrum, Torgeir Rebolledo Pedersen det å vere ein etablert forfattar, og Liv Lundberg Det Litterære Råd. Vi her i redaksjonen forsto introduksjonane på denne måten: Debutantar er gjevt. Dei er friske. Vi er glade for å ha debutantane her, og ønsker dei hjarteleg velkomne til dette treffet. Det skal bli ein triveleg kveld, med noko å ete, drikke, drøs og opplesning. Etter treffet ringer vi Atle Berge. Han er fødd i 1986, og vaks opp i Hjelmtveit i Nord-Hordaland. I ein periode jobba han for skulebokavdelinga til Det Norske Samlaget. Og så godt likte Samlaget guten og det han skriv, at han debuterte med ein roman på det forlaget. "Muntergang" er ein av dei mange, sterke Samlaget-debutantane i år.
Intervuar: Hei Atle, er du oppe så tidleg?
AB: Eg er oppe enno. Eg har faktisk ikkje gått og lagt meg enno.
I: Kva seier det om erfaringa di frå debutanttreffet?
AB: Det vart ei lang natt med mykke god drikke.
I: Kva sitt du først og framst att med, etter treffet?
AB: At FF verkar vere meir inkluderande enn bilete eg har fått frå media. Der er folk med ulik og viktig kompetanse som står klare til å hjelpe meg, også som debutant.
I: Meir inkluderande enn du trudde, altså. Anne Oterholm sa, i eit lite framlegg i går, at alle har lik tilgjenge til DnF og den kompetansen som dei sitt med. Kva tenkte du om det?
AB: Stemmer det er det fantastisk.
I: Kva slags forening tenkjer du at DnF er?
AB: Ei fagforening?
I: Kva slags forening ønsker du at DnF skal vere?
AB: Fagforening! Eg fekk eit godt i trykk av DnF, så akkurat no ser eg ingen grunn til å forandre noko.
I: Kjem du til å bruke DnF trur du; anten for å lære meir om rettane dine som forfattar, eller bare stikke innom?
AB: Kjem vel neppe til å "bare stikke innom", men får eg problem skal eg nok ta kontakt, og eg kjem garantert til å søke medlemskap så snart eg oppfyller kravet om to bøker. Eg har hørt mykje fint om årsmøtene, så håpar eg får lov å vere med.
I: Artig å høyre at du trivdes på debutanttreffet også. Kan du liste ein topp-tre av ting som blei lagt fram for deg?
AB: Høgdepunktet var nok då Torgeir R. Pedersen snakka om debuten sin og samanlikna det å gi ut bok for første gang med å dø. Likte godt at han gjorde narr av rådet (det littærere – (red. anm)) om å ikkje ta negativ kritikk "personlig". Sjølvsagt er det personlig når folk slenge dritt om boka di.