Debutantmøte

– Fleire av dei litteraturpolitiske virkemidla er er under stadig press, seier Sigmund Løvåsen, som ein konklusjon etter eit framlegg om det som har vore…

fullsizerender_4

– Fleire av dei litteraturpolitiske virkemidla er er under stadig press, seier Sigmund Løvåsen, som ein konklusjon etter eit framlegg om det som har vore og er Den norske Forfatterforening sitt arbeid sidan byrjinga for nesten 125 år sidan: Vi kan ikkje ta det vi har oppnådd for gitt. Det må heile tida bli jobba for, forklarar Løvåsen. Han er ein av dei som akkurat no introduserer årets litterære debutantar for bransje og forfattarliv.

«Det strenge, det forventa språket»

Då Cecilie Enger debuterte som forfattar, var ho lei av å vere så innmari trufast til kjeldene sine sitat i arbeidet som journalist. Språket var premissleverandør. Enger ville i debutboka skrive fram ein person som var sitt eige språk. Dette formmedvitne var også med Enger heilt inn i produksjonen av sjølve bokobjektet: «Kan du gjere meg litt suveren på bildet?» spurde Enger fotografen som tok forfattarportrettet av henne.

– Det blei eg. For første og einaste gong, kommenterer Enger.

Då Engers roman endeleg kom ut på Gyldendal, var overskrifta i ei hovudstadsavis «Jenterevolusjonen». Dei var tre debutantar på Gyldendal det året. Alle tre jenter.

Det finst ei myte om Det litterære Råd, begynner leiaren i Rådet, Eirik Ingebrigtsen sitt innlegg om DnFs sakkyndige utval i spørsmål i litterære tema:

Myta er at vi har stor makt. Og ja, seier han, og nemner dei avgjerslene som Rådet kan vere med på å ta, som er m.a. vurdering av medlemssøknadar, samt fordeling av ein del prisar og DnF og Statens sine kunstnarstipend. "Men," seier Ingebriktsen: 

– Maktkjensla forsvinn veldig kjapt. Vi er ni folk om å ta avgjersler, ni forfattarar med ulikt litteratursyn.