– Dei bør bli mindre framandfiendlige, syng Grytten

Slik sluttar Frode Gryttens tilsvar til FCK-spelarane som tykte at hans fotballdikt "Eg hatar Danmark" er irriterande. Frode Grytten fylte nyleg femti. Frode Grytten bytta…

Frode Grytten

Slik sluttar Frode Gryttens tilsvar til FCK-spelarane som tykte at hans fotballdikt "Eg hatar Danmark" er irriterande.

Frode Grytten fylte nyleg femti. Frode Grytten bytta nyleg forlag, og nyleg blei han godt kjent i Danmark for diktet ”Eg hatar Danmark”, som han les mens han ramlar rundt i gatene i København. Det er sendt på TV2. Det har gjort danske fotballspelarar pisse sure. William Kvist frå fotballklubben FCK er ein av dei som er sure. Han meiner at Det er i hvert fall mange nordmenn som ikke hater snaps når de er på besøk i København, det er helt sikkert. Vi skulle gjerne ha gitt heile det norske folket sjans til å gi tilsvar. Men bare Frode Grytten får vi tak på, så vidt det er. Han er på veg vidare. Eg fortar meg, seier:
– Frode! "Eg hatar Damark" høyres ut som noko "Helmer" frå tv-serien Riget kunne ha sagt – inderleg. Kor inderleg er du i dette diktet? William Kvist hintar også til at det er unionstida som gjer oss (les: deg) utroleg bitter. Går du med eit undertrykt traume i høve tida under Danmark, og korleis er det å vere huspoet for TV2-spoerten?

Frode seier:

vanskelig dag å svare på dette
skulle gjerne ha gjort det
men eg skal skrive ein tekst
til bt pluss gå gjennom eit
føredrag før vi tar fly til trondheim
klokka 1400 for å vere med på
landskonferansen til nu
så det er maks uflaks
med omsyn til svarprosenten her

men eg må seie at eg har det beste
tilhøvet til danmark og danskane
så om eg no blir nekta innreise til
nasjonen etter dette, så ser eg
litt svart på det, likevel synest eg
dei godt kan få tyn for si kosifisering
av livet, dei bør bli litt mindre
framandfiendlige og litt meir empatiske
ikkje bare mot rike nordmenn,
som dei kan loppe for nokre kroner,
men mot fattigfolk og muslimar også

elles var det ei stor glede å rope
som helmer ut frå det runde tårn
danskjævlar runga godt i københavn
kom som ekko opp frå gatene

(men) eg har vore
huspoet for tv2 sporten
ganske lenge altså
sikkert fire-fem år
og eg heiar litt
på danmark på laurdag
norge er endå verre
når dei vinn
bare så det er sagt