Dei framande orda

Ei sveitsisk kvinne og den norske mannen hennar flyttar til Montreal i Canada, og får der ei lita jente og ein gut. Angela Hagen bur…

hagen_oktober

Ei sveitsisk kvinne og den norske mannen hennar flyttar til Montreal i Canada, og får der ei lita jente og ein gut. Angela Hagen bur dei tre første åra av livet sitt der, før familien reiser i spora etter George Sinclair og hans 300 skotske leigesoldatar. Som Skottetoget gjorde i 1612, kjem familien Hagen til Torvik i Romsdal i 1973. Far Hagen tar over heimgarden i Torvik, i den vesle, vakre bygda høgt over Romsdalsfjorden. Angela Hagen veks opp mellom mjøkekyr, høner, kaninar, hundar og kattar. Naturen er alltid tilstadeverande og nær. Hagen får ei lita søster, men er elles omringa av gutar.

  • Eg trivdes i lag med gutane. Då eg var lita ville eg vere gut sjølv, seier Hagen, som blir mykje lese for som barn. Mor les tyske dikt, og tyske barnebøker som Max und Moritz, der Struwwelpeter og andre eventyr. Far fortel om fjøsnissar og skrømt frå Nord-Noreg.
  • Men dei beste eventyra låg rett utanfor døra vår, ute på markane, i skogen, ved sjøen, på låven, i snøskavlane. Vi var sjørøvarar, indianarar, cowboyar, soldatar, kongar og dronningar. Kanskje leikte vi det vi las. Og eg las det som gutane las: Hardy-guttene, Donald Duck, Fantomet, Sølvpilen.

Men så brenn huset ned. Hagen er tolv år når huset brenn til grunnen. Dei mistar alt dei eig. Dei bygger nytt hus.

  • I det nye  huset, i det nye rommet mitt ser eg meg sjølv med bøker om hestar og delfinar og slikt. Eg vart medlem av Bokklubbens Barn og las det som ramla ned i postkassa. Eit mønster som held fram langt inn i tjueåra.

Hagen må til USA for sjølv bli ein skrivar. Ho går eitt år på High School i ein liten by utan for Salt Lake City, Utah. Her er det ein høg konsentrasjon mormonarar. Kyrkja er synlege og sterkt tilstades. Når Hagen kjem dit, har mormonarar fått fjerna mange bøker frå biblioteka og skulane.

MK: Er det muleg?¨

AH: Ja, dei var bannlyst dei, rett og slett. 

MK: Men du møter ein person som er for fri ytringar.

AH: Engelsklæraren min heitte Mr. Owen, ein liten, stillfaren fyr med eit lunt smil og lysebrune kordfløyelsbukse. Mr. Owen var også mormonar, men hadde ikkje noko sans for denne strenge praksisen. Hans måte å drive motstandsrørsle på, var å gi nokre av oss elevane, som ikkje var mormonarar, bøker "under bordet". Eg husker spesielt The Adventures of Huckleberry Finn, bannlyst på grunn av romantiseringa av vennskapen mellom svarte og kvite. Dei sa det var på grunn av obscene language, men eg trur ikkje at det var den einaste grunnen. Dei svarte hadde veldig låg status i Utah på den tida, noko vi også merka godt på skulen. 

MK: Korleis heng dette saman med historia elles i bygda?
AH: Seinare har eg fått med meg at både lærarar, tilsette i bibliotek eller bokhandlar kunne få sparken viss dei formidla bannlyst litteratur. Eg hadde stor sans for Mr. Owen, men det er først i ettertid eg har forstått kor modig han var. Husker ikkje kva han likte av det eg skreiv. Vi skreiv mange korte og lengre essays, leverte 'papers' kvar fredag og slikt. Vi er ikkje på høgare enn High School-nivå altså. 

MK: Men han får deg til å skrive.

AH: Det er ofte det som skal til. At nokon ser ein.

MK: Du blir til slutt forfattar. Forklar!

AH: Ok, så kort fortalt heng det saman slik: eg er eit barn av 70- tallet, oppvaksen med kokt potet, arveklede, saft berre på søndagane. Mor mi vaska og tørka brødposane, stoppa strømper, hadde grønnsakhage og full jobb. Eg tenker at barndommen var ein draum. Eit eventyr. Og vi mangla ingen ting. Men å bli forfattar sto absolutt ikkje på lista over moglege karrierevegar. Det sto øvst på ei anna liste, ei som berre eg visste om. 

MK: Det er likevel eit stykke frå eventyr og barnedraumar – og yrket. Kva skjer imellom her?

AH: Etter vidaregåande hadde eg i mange år ein heilt vanleg kontorjobb i heimkommunen. Eg brukte lang tid på å finne ut kven eg var, kven eg ikkje var. Uro. Lengt. Forhold som ikkje var rett. Kjærleikssorg. Slike ting.Eg sparte opp pengar og tok eit år fri for å reiste litt rundt, Spania, Australia, Thailand. Etterpå bodde eg i Stavanger nokre år, hadde ein bror der, fekk meg jobb. Var framleis på leit. Tok eit brevkurs i skjønnlitterær skriving, faktisk. Eit kanadisk opplegg, husker ikkje kordan eg kom borti det.  

Eg brukte lang tid på å finne ut kven eg var, kven eg ikkje var. Uro. Lengt. Forhold som ikkje var rett. Kjærleikssorg. Slike ting

MK: Mange store endringar på ein gong!

AH: Ja, selskapet eg jobba i gjekk konkurs. Eg hadde fylt 30, og tenkte at eg måtte grep. Slutta å røyke og melde meg opp på utdanning i mediefag i Volda. Og samstundes møtte eg Bjørnar, han eg bur i lag med i dag

Hagen og mannen flyttar til heimstaden hans, til Holmestrand. Hagen pendlar til Volda, og kombinerer studier med praksisperiode i Oslo. Ho fullfører ei utdanning i mediefag, og jobbar som frilansjournalist i Tønsberg Blad og eit kommunikasjonsbyrå i Drammen. Ho interesserer seg for dramatikk, og melder seg opp i ei konkurranse hos Det norske teateret. Hagen får andreprisen, litt pengar, litt sjølvtillit, og noko meir innsikt i teaterverda. Ho får skrivestønd frå Kulturrådet for å skrive teksten ferdig, og får etter kvart avtale om ein full produksjon på Barneteatret vårt i Ålesund. Ho har då jobba med dette stykket i fre-fem år, og skriv noveller parallelt. Ho sender eit par – tre noveller til forlag. Ein redaktør ringer frå Oktober Forlag.

  • Og eg merka det allereie i telefonen, det ho sa om det ho hadde lese, at ho ville eg treffe.

Så kjem finanskrisa. Hagen og mannen, begge frilansarar, blir tvungne til å dra dit faste jobbar er. Mannen får fast jobb hos Teatret Vårt i Molde. Dei flyttar dit i 2010.

  • Vi måtte liksom komme oss i stabilt sideleie ei stund. Minstemann Thomas var berre tre veker då vi flytta, og det gjekk ikkje så fort med skrivinga.

Men etter eitt år i Molde kjem debut: Mørk bil bak blir publiser i 2011. Då får Hagen jobb i fylkekommunen. Ho jobbar i fylkeskommune. Nynorsk er forvaltningsspråket der.

AH: Framleis kan eg kjenne på ein barnsleg opprørstrang mot reglar og normar. I neste augeblink kan eg likevel forsvare dei med nebb og klør. Eg vandrar stundeslaus omkring, snart hit, snart dit, på jakt etter språkleg sjelefred.

MK: Kva er denne opprørstrangen?

AH: Eg kjente på den gjennom heile grunnskulen. Eg stritta imot, ville ikkje ly, ville ikkje skrive nynorsk, ville ikkje bruke alle desse framande og rare orda. Eg gleda meg til vidaregåande, til eg endeleg skulle få lov til å velje målform sjølv. Men så oppdaga eg at det var like mange reglar i bokmål. Ord som kjentes like framand. 

MK: De har holdt dykk til Molde.

AH: Ja, vi bur framleis i Molde. Den mørke bilen køyrer både hit og dit. Til fotball, handball, teater, slalom, svømming.

MK: Og Bjørnsonfestivalen! Kva betyr den festivalen for kunsten i fylket, meiner du?

AH: Bjørnsonfestivalen er ein knakande god og viktig festival, ikkje berre for Møre og Romsdal, men for heile landet. Både som forfattar sjølv, men også som lesar, oppstår det alltid nye og heilt uventa møte, tankar og samtaler, både under arrangementa og mellom dei. Ein møter folk som ein elles ikkje ville ha møtt, får idear ein elles ikkje ville fått, og som ingen digitalisering i verda ville klart å konkurrere med. Eg må også dra skryte av Molde Bibliotek, som vart årets bibliotek i fjor(!). Det er ein særs viktig institusjon for oss. Moderne og nyskapande, kunnskapsrike folk og framifrå formidlarar. Det er verkeleg mange som har oppdaga biblioteket på nytt.