Delt debutantpris for 2009

Tarjei Vesaas Debutantpris for 2009 går til Eivind Hofstad Evjemo for romanen Vekk meg hvis jeg sovner og Kjersti Annesdatter Skomsvold for romanen Jo fortere…

debutantpris 030

Tarjei Vesaas Debutantpris for 2009 går til Eivind Hofstad Evjemo for romanen Vekk meg hvis jeg sovner og Kjersti Annesdatter Skomsvold for romanen Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg.


Grunngivingar for tildelingane av Tarjei Vesaas Debutantpris for 2009

Då Tarjei Vesaas innstifta debutantprisen sin i 1964, ville han at prisen kvart år skulle gå til ein talenftull, ung debutant, helst ikkje over 30 år. Han mintest sjølv kor viktig det var med oppmuntring og støtte i den tidlege fasen av ein forfattarskap, og han hadde ein genuin sans for det litterære eksperimentet, nok også ein grunn til å rette fokuset mot dei unge. 

Kvart år kjem med ei rekke spennande skjønnlitterære debutantar, og 2009 var ikkje noko unntak. Det litterære Råd har denne gongen valt å dele ut to debutantprisar. Desse prisane går til to debutantar som det var uråd å stille opp mot einannan. Båe har skrive romanar, men det er like fullt to svært ulike forfattarar, med kvar sin innfallsvinkel til det å fortelje, og med kvart sitt språklege særpreg.

Og når eg no skal lesa dei to grunngivingane, tek eg prisvinnarane i alfabetisk rekkefølgje.

Alt tittelen på den boka eg først skal omtale, ymtar om ein romanforfattar som av sinnelag også er poet; vi er i grenselandet mellom søvn og vaken tilstand, samstundes som tittelen også ber bod om ein tillit – tillit til at det er nokon der, i nærleiken av det forteljande subjektet, som passar på og gir omsorg. Det er éin sentral mellommenneskeleg relasjon som dominerer og dannar aksen i romanen: ein gut og morfar hans. I opningsscenen sit dei i båten, på veg inn frå fiske, i eit bilete som får lov til å falde seg ut, levande og plastisk, sansa og sett, like før dei legg til kai – dette òg eit bilete på ein overgang, ei grense. Mellom sjø og land, vatn og jord, og med ein høg himmel over. I tilsvarande grenseland rører heile denne romanen seg; bilete, scenar, opptrinn og minne frå ulike tider og ulike lag av eksistens flyt saman i eit episk no der den linjært kronologiske handlingsmodellen må vike, til fordel for den assosiative strukturen som knyter saman bilete frå dagdrøyming og søvn.

Det er ikkje noko nytt grep, dette; modernistiske forfattarar har gjort det før; og innan film har det vore reindyrka av bl.a. Tarkovskij. Men det er gjort med integritet og overtyding, og det av ein tjuesju år gamal debutant. På grensa mellom søvn og vaken tilstand er vi like mykje i det indre som i det ytre; stundom møtest dei og smeltar ihop der, og det er noko av denne samansmelting forfattaren oppnår, ei sameining der avstanden mellom subjekt og objekt meir eller mindre blir oppheva. Ein kan tala om å modellere i tid; i Vekk meg hvis jeg sovner, som er tittelen på den romanen vi talar om, skjer det for eksempel ved at to opplevingar av det å dusje, den eine der forteljaren er barn, den andre vaksen, i forteljarens medvit blir til ei oppleving. Vi er på innsida av det sette og sansa, i ein røyndom som triumferer over tida og gjer henne til eit verktøy, ein tenar. Kvifor? Kanskje fordi der er ei sorg som skal bearbeidast. Der er eit sterkt band mellom den namnlause guten og den namnlause bestefaren, og vi meir enn anar at der er eitt menneske til som døyr, i boka. Men drivkrafta bak det  skrivne er truleg noko meir enn berre emosjonell; når ingen av personane i romanen opptrer med namn, må det vera fordi forfattaren strevar etter ei form for anonymitet der erfaringa, heller enn personen, står i sentrum. Det er raust gjort, ikkje minst fordi det høge språkmedvitet som pregar teksten resulterer i passasjar som er like mykje dikt som prosa, også i fleire av kapittel-titlane, og eg siterer tre titlar: Sorgbinderi; Jeg står i kroppen med skyld; I et verdig lys skal vi bli til. Det er vakkert; det er ein venleik her, men utan at det blir falsk idyllisering. For, slik typisk er, alt hos barnet: Taggar av gru stikk opp og gir brodd til det vakre.

I boka til den andre Vesaas-prisvinnaren er vi i eit heilt anna språkleg og emosjonelt klima. Romanen med tittelen Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg er ei sorgmunter forteljing med eksistensielle undertonar, og skildrar den aldrande Mathea Martinsen frå Groruddalen, ei kvinne fullstendig prega av livs- og dødsangst. Det er Mathea sjølv som fører ordet i boka, og ho har lakoniske kommentarar til det meste. Eg siterer:

Jeg hørte om noen rike amerikanere som etter å ha lest Poes novelle om hun som ble levende begravet, fikk med seg telefon med kabel ned i kista, men jeg kunne fortalt dem at det var bortkastet, for det er ingen som ringer.

Mathea er klar over at ho har eit problem, men ho er ute av stand til å gjera noko med det. Ho går på butikken til tider då ingen andre handlar; ho unngår naboane etter beste evne. Det einaste ho er god på, seier ho, er å sortere kortstokkar og opne dorullar utan å lage rift i papiret. Ho har ein ektemann som ho kallar Epsilon og som arbeider i Statistisk sentralbyrå; han er det einaste mennesket ho har kontakt med; mot slutten av boka døyr han, og vi forstår etter kvart at det er hans gravferd Mathea skildrar, men det tek tid før lesaren forstår det, fordi ho også her unngår å tala direkte om det vanskelege, og i staden tyr til sine karakteristiske, lakoniske omskrivingar. Slik framstår Mathea Martinsen i denne forfattarens skildring som ein figur vi kanskje ler av, til tider, men framfor alt som ein karakter vi ler med – og dette blir mogeleg i kraft av den innleving og medkjensle, og det skråblikk forfattaren rettar mot henne, skrive fram i eit uforutseieleg og samstundes heilstøypt språk.

‘Epsilon’ er den femte bokstaven i det greske alfabetet, men den er òg det matematiske teiknet for ei lita mengde, og her er vi ved ein av dei meir filosofiske referansane i denne boka. Og ved sin lydlikskap med ordet ‘matematikk’ ymtar også namnet til Mathea om korleis dei to menneska er "forsvinnande små mengder" i tilværet. Mathea lever sitt liv gjennom Epsilon, og nesten einast der, eit samliv med eit nesten totalt fråvær av ytre dramatikk, med eit heiderleg lite unntak i ein krangel i den siste delen av boka. Det filosofiske og eksistensielle har ingen stor plass, men det er fint avstemt mot dei andre delane av romanen, og når forfattaren siterer H.C. Andersen om at kun gjennom handling vinner livet i betydning, eller Schopenhauers tankar om at det individuelle må gå opp i heilskapen, eller Buddhas lære, eller for den del Hamsun når han seier at intet er som at bli pustet paa av det levende liv – ja, då blir nettopp Mathea Martinsens fråvær av levd liv endå meir avslørande.

Det kan seiast om båe desse romanane at dei er vanskelege å referere på måtar som yter dei full rettferd. Det er eit teikn på kvalitet; og det er ei glede å gi Tarjei Vesaas Debutantpris til Eivind Hofstad Evjemo for romanen Vekk meg hvis jeg sovner og Kjersti Annesdatter Skomsvold for romanen Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg.

Stein Versto

leiar for Det litterære Råd