Den himmelske freds Sehesteds plass?

«To danske forfattarforeiningar og den danske forleggarforeininga gjekk sist månad saman om å lage ei brei undersøking i litteraturbransjen, for å avdekke omfanget av trakassering og sexisme. Det same bør gjerast i Noreg. »

Det skriv Agnes Ravatn i ein kronikk i Aftenposten.

Av Agnes Ravatn

Jøss – så er det altså noko råttent i kongeriket Danmark likevel. Rett nok kom metoo tre år etter alle andre land, men med brask og bram når det først skjedde. Etter å ha feid over mediebransjen og politikken, har metoo no nådd den danske bokbransjen. Forfattarar har stått fram med historier om trakassering, og omkvedet er at det er noko med sjølve kulturen som fremmar sexisme.

Det går an å forstå. Bokbransjen er som kjend marinert i alkohol, fortsatt tungt romantisert, grenseoverskridande oppførsel blir premiert, ære og berømmelse kan få fram det absolutt verste i kven som helst. Og for dei som måtte tenke at smittevern set ein effektiv stoppar for seksuell trakassering – ein har alltids telefon.

Kva så med den norske bokbransjen? Har me trakassering og sexisme her? Ja – som i dei fleste bransjar. Er saker blitt varsla til forlag? Ja. Har det fått eit etterspel? Nei (etter det eg veit).

Då Klassekampen i kjølvatnet av Harvey Weinstein-avsløringane gjorde ein prisverdig innsats for å kartlegge omfanget av seksuell trakassering i litteraturbransjen, avdekka dei alt frå uønskte slibrigheiter og tafsing, grove tilfelle av maktmisbruk, til valdtekt. Gjennomgåande gjaldt det yngre kvinnelege og eldre mannlege forfattarar.

Forfattar Ida Jackson følgte opp i Dagbladet, med ei skildring av korleis det var å gå på forlagsfest tidleg i tjueåra, og endeleg få møte forfattarheltane sine i levande live: «Under litteraturstudiene mine kategoriserte jeg dem i modernister, realister og postmodernister. Nå grupperte jeg dem i «Har kløpet meg i rumpa», «Har kløpet veninna mi i rumpa» og «Jan Kjærstad, Norges hyggeligste og minst slibrige mann.».

Det med Jan Kjærstad kan eg skrive under på. Det med klypinga har eg derimot ikkje opplevd i samme omfang (men det har skjedd, på høglys dag i Gyldendalhuset), men Jacksons erfaringar er samanfallande med mykje av det som kom fram i Klassekampens kartlegging.

«Jo mer status mannen som tafset hadde, jo mer risikabelt var det å si fra», skriv Jackson. På terskelen til å oppnå forfattardraumen, kven vil vel vere sand i maskineriet og sladre til forlaget, særleg når den ein varslar om er blant forlagets feitaste mjølkekyr?

I bokbransjen som i samfunnet elles, er det dei yngste, minst etablerte, som er mest utsett. Det inneber ein mindre risiko for den som trakasserer: Nokon som akkurat har fått ein fot innanfor, er mindre truande til å gjere motstand, særleg dersom den som trakasserer eller opptrer upassande er ein forfattar med høg status, ein mektig kritikar, eller til og med redaktøren din.

Utover metoo-hausten 2017 skjedde det som me veit ting elles i kulturlivet, media, i akademia, og politikken, i form av opprop, avsløringar og oppseiingar.

Mens i bokbransjen, sjølv etter Klassekampens artikkel, var det stilt.

Eg trur mykje av forklaringa ligg i at forfattarar ikkje er å rekne som tilsette, slik for eksempel ein skodespelar av og til er tilsett ved eit teater, ein musikar i eit orkester. Ein forfattar har som regel eit fast forlag, av og til fleire, men lever i realiteten berre frå bokkontrakt til bokkontrakt. Dermed har me heller ikkje nokon tillitsvalt, verneombod eller næraste leiar å vende oss til. Me er ingen sitt ansvar.

Dersom den som trakasserer på si side er tilsett ein stad,  i eit forlag eller ei avis, kan ein sjølvsagt varsle og håpe at nokon tar tak i det. Dersom den som trakasserer derimot er ein annan forfattar, som dermed heller ikkje har noko formelt tilsettingsforhold eller nokon til å sparke seg, er det ikkje godt å vite kva ein skal gjere.

Kva ansvar forlaget til den som trakasserer har, er i det blå. Dei kan sjølvsagt diskret begynne å refusere komande manus, og håpe at vedkomande skal finne seg ein annan utgivar – eller er kanskje ikkje det særleg fristande dersom trakassøren er ein bestselgande forfattar?

Forlaget kan om ikkje anna konfrontere forfattaren med påstandane, be hen slutte, gi hen ein advarsel. Det har ikkje skjedd i dei tilfella eg kjenner til. Om eg legg godviljen til kan eg på ein måte forstå det. Forlaget er ikkje foreldra til trakassøren heller, eller til den trakasserte. Men slik sikrar ein òg at den som trakasserer kan halde på, utan sanksjonar. Enn så lenge ser det ut til at i bokbransjen skal det vere trygt å trakassere.

Rett nok gjekk dei ulike foreiningane i bokbransjen i november 2017 saman om å lage eit sett retningslinjer mot seksuell trakassering, og slo fast at i bokbransjen er det nulltoleranse for denslags. Men igjen, desse retningslinjene verkar vere mynta på tilsette i bokbransjen: ein blir råda til å vende seg til tillitsvalt, verneombod eller næraste leiar, og dersom dette ikkje fører fram, gå til styreleiar. Eg skulle likt å sjå meg sjølv som 24-årig debutant oppsøke styreleiaren i forlaget mitt for å varsle om upassande åtferd.

Dersom ein ikkje har noko av det nemnde, kan ein vende seg til ei forfatterforening – som det er langt frå sikkert at varslaren er medlem av –, men det er blitt presisert at dei ikkje kan foreta seg noko anna enn å lytte, og eventuelt peike varslaren vidare. Kor då?

Til Klassekampen fortalde kjelder at dei hadde slutta å skrive, enkelt og greitt, for å sleppe å møte på den dei var blitt trakassert, i dei verste tilfella valdtekne, av. Eit kvart fornuftig forlag burde sjå at det ikkje er i deira interesse å skyve frå seg unge talent, til fordel for ei eller anna aldrande mjølkeku.

To danske forfattarforeiningar og den danske forleggarforeininga gjekk sist månad saman om å lage ei brei undersøking i litteraturbransjen, for å avdekke omfanget av trakassering og sexisme.

Det same bør gjerast i Noreg. Me forfattarar har alt fylt ut ei rekke håplause tenk-på-eit-tal-spørreskjema om kunstnarøkonomi dette året. Eit spørreskjema om seksuell trakassering burde vere ei smal sak. Og det bør vere etter modell frå undersøkingane som no blir kjørt ut i politiet, etter siste tids knulletorsdag-avsløringar. Spørsmåla må ifølge politidirektør Benedicte Bjørnland vere eksplisitte, presise og detaljerte, slik at ein fangar opp flest mulig tilfelle, uavhengig av kvar enkelts tålegrense.

Då vil ein i første omgang sjå kor stort eller lite problemet er, og deretter tydelegare sjå _kva _som er problema, slik at ein kan lage meir målretta tiltak enn kva som tilsynelatande finst i dag, og finne ut kor ein skal legge ansvaret.

Då vil ein kanskje òg få vite om det berre er snakk om eit par råtne eple, eller om det er sjølve tønna som er råtten.