Warning: mysqli_real_connect(): not found in /customers/2/6/4/czhnsdg2t/webroots/r1168646/wp/wp-includes/class-wpdb.php on line 1987 Den uangripelege litteraturen - Den norske Forfatterforening

Den uangripelege litteraturen

Ein nyskrive og ein eldre artikkel har blåst liv i debatten om litteraturkritikk: kulturjournalist i Klassekampen, Sandra Lillebø, tok utgangspunkt i den siste boka til…

Ein nyskrive og ein eldre artikkel har blåst liv i debatten om litteraturkritikk: kulturjournalist i Klassekampen, Sandra Lillebø, tok utgangspunkt i den siste boka til Beate Grimsrud, og skreiv ei sak om litteraturkritikk. Ingressen hennar går slik: Virkelighets­hungeren framelsker en generasjon forfattere som gjør det umulig å snakke om litteratur, ­mener kritikere. Kva meiner medlemma til DnF?

Vi visste kanskje ikkje kor aktuelle denne saka var, då vi for nokre dagar sia la ut følgande tekst på denne sida: Forfattere og kritikere klager over at dagspressen ikke tar
litteraturkritikken seriøst, og at avisene ikke ønsker seg annet enn
korte forbrukerveiledninger. Men følger forfatterne og kritikerne med i
timen? Er det litterære feltet i ferd med å endre seg radikalt uten at
forfatterne forstår hva som skjer?

Måndag 8. november kom den omtalte klassekampsaka, som handlar om dei av haustbøkene som tar utgangspunkt i forfattaren sine personlege erfaringer. "En dåre fri" av Grimsrud, "Før jeg brenner ned" av Gaute Heivoll, og "Min Kamp" av Karl Ove Knausgård er nevnt. Sandra Lillebø siterar bokmeldar Susanne Christensen sin melding av "En dåre fri": «Den såkalte virkelighets­hungeren – vendingen mot det selvbiografiske –
er begynt å opptre som en geni-estetikk som gjør forfatteren
uangripelig». I intervju med Klassekampen, utdypar Christensen kva ho meiner:

– Det blir nesten umulig å forholde seg til teksten som en formell
størrelse. Om jeg sier at en syk persons beskrivelser av seg selv og sin
egen sykdom er dårlig skrevet eller selvopptatt, gjør det meg nærmest
til en overgriper,
seier Christensen. 

Journalist og bokmeldar Silje Stavrum får også uttale seg til Klassekampen. Stavrum etterlysar litteraturkritikk som tar utgangspunkt i språk, og ikkje innhald. Øystein Vidnes, som er både forfattar, forlagsredaktør og kritikar, skriv på bloggen sin om forholdet mellom innhald ("personlege tragedier") og språk. Dette er henta frå ei melding av boka "Myggor och tigrar" av Maja Lundgren. Eg har ikkje lese boka sjølv, men forstår det som at hovudpersonen i boka er Lundgren, og at det er biografisk. Vidnes skriv:

 

(At) ho (Lundgren) faktisk kjenner seg forfølgd, og det tvilar eg ikkje på. Teksten er paranoid./ Det
er ikkje noko som diskvalifiserer ein paranoid tekst frå å vere god
litteratur, det har litteraturhistoria fleire eksempel på. (Ein kunne
finne på å seie: Dersom Bibelen er Guds ord, er det ein paranoid tekst.)
(…) Å lese resepsjonen av boka som «paranoid tekst» ville sikkert vere vel
så interessant som å lese sjølve boka som det same. Men det har eg
ikkje gjort, og no er det for seint, eg kan berre studere meg sjølv.

Tema for KK-saka er ikkje nytt. Studentavisa Studvest i Bergen skreiv ein relativt utfyllande sak om dette allereie i 2008. "Hvordan anmelde en livstragedie" vann avisa sin kronikkonkurranse. Hovudpoenget til artikkelforfattar Ingrid Rognes Solbu, var dette: Kritikk blir vanskelig når avstanden mellom verket og kritikeren blir
liten, når kunstens kontekst står foran verket og tar all oppmerksomhet.
Ho spør til slutt: Når er en kritiker skikket til å avgi en objektiv smaksdom? Og skal man
bedømme kunsten ut fra konteksten, eller ut fra kunsten i seg selv?

Vi noterar oss at det finnst bøker som er vanskelege å melde med litteraturvitskapelege og språklege omgrep. Nokre bøker bør kanskje bli meldt og vurdert av nokon som kan meir om tema, enn om littærer virkemiddel. «Problemet» som ein snakkar om, kan kanskje begynne når bøker blir sendt til meldarar. For kor begynner eigentleg problemet? Med forfattarane og måten dei skriv bøker? Med forlagane og måten dei sender bøker ut til avisredaksjonar og meldarar? Eller med avisene, som tingar på kva bøker som skal bli meldt og ikkje? Og som bestemmer kva meldar som skal ha kva type bøker? Eller handlar dette igjen om litteraturen sin natur, og forfattaren sin rolle.

Klassekampen lot kritikarar få uttale seg om saka. Her på sida vil vi gjerne også opne for forfattarane sitt perspektiv. Vi vil gjerne sende desse spørsmåla vidare til lesarane: 

– Korleis skal ein melde litteratur som handlar om personlege tragedier?

– Blir kritikaren ein "overgripar" om han fokuserar på formale og skrivetekniske aspekt ved slike bøker?

– Er det meir biografisk stoff i skjønnlitteraturen no enn før? Får vi, eller har vi fått ein ny forfattartype? 

Skriv gjerne til post@forfatterforeningen.no, og gi oss meininga di. Og la oss avslutte med ein liten Twitter-enquete frå gårsdagens debatt: 

Nikolaj Frobenius var av dei første som reagerte, via Twitter, på denne måten:

Litteraturdebatt på vranga. Ikke forfatterne som gjør seg "uangripelige", det er kritikerens fordømte jobb å kritisere, skriv Nikolaj Frobenius. Øystein Vidnes, på sin side skriv at han ikkje "synst ikkje at det nødv. er negativt at kritikaren blir utfordra til å ta risiko".