Dikt skal du få/ og nytt skal det bli/ Gje meg bare ein times tid, så!

Då vekas diktar blei sjuk med influensa,  og ikkje kunne ta sin etappe av DnFs diktstafett,  då var vegen heldigvis kort til Helge Torvund;  berre…

WikiCommons

Då vekas diktar blei sjuk med influensa, 

og ikkje kunne ta sin etappe av DnFs diktstafett, 

då var vegen heldigvis kort til Helge Torvund; 

berre minutt etter at han fekk oppmodinga om å gi eit dikt

– nytt eller gamalt; 

berre det er eitt han har lyst til å dele, 

då kom svaret

 

Dikt skal du få

og nytt skal det bli

Gje meg bare ein times tid, så!

Ein time seinare sende Helge Torvund Svevande kokong.

At han snar til å finne språket, det viser Torvund kvar dag – 

i twitterformatets 140 teikn, der får han sagt mykje, 

og han får sagt usagt. Han er utdanna psykolog, Torvund, 

men har jobba som forfattar sia debuten i 1977, 

har han gitt ut nesten førti bøker. Den siste diktsamlinga er

Alabama? (Aschehoug 2011), og den siste barneboka Vivaldi 

– på kunstbokforlaget Magikon (2011).