Aktuelt

DnF-forfattarar skriv nye folkemusikktekstar

Liva til kjende og ukjende, norske musikarar er grunntonen i tekstar til folkemusikken som blir lansert på Øyer Folkebibliotek i kveld. Musikaren Mari Skeie Ljones…

Faksimile frå GD

Liva til kjende og ukjende, norske musikarar er grunntonen i tekstar til folkemusikken som blir lansert på Øyer Folkebibliotek i kveld. Musikaren Mari Skeie Ljones hadde idéen til prosjektet, som var å skrive tekstar basert på historier om – og ikkje av – musikarar som Bræinfamilien, "Busen" og "Spelmanns-Dorthea". Skeie Ljones tok kontakt med forfattarane i vår. Allereie i kveld, tysdag, kan ho spele hallingar, valsar og firdansar med tekstar av Anna Kleiva, Gaute Sortland,Mette Karlsvik, Cornelius Jakhelln, Torbjørn Ljones og Sigrid Sørumgård Botheim. Camilla Granlien syng.