DnF-leiar sin gratulasjonstale til Oliver Lovrenski

Eg har brukt mange år på å leite etter det som verkeleg brenn i livet mitt. Du, Oliver, har funne det allereie.

Oliver Lovrenski. Foto: Jarli & Jordan/Salomonsson Agency/Aschehoug

Vinnar av Bokhandlerprisen 2023

Då eg var yngre, 19 år, drøymde eg om å bli forfattar. Men kva skulle eg skrive om? Først no, 20 år etterpå, har eg funne det ut. Eg har brukt mange år på å leite etter det som verkeleg brenn i livet mitt. Du, Oliver, har funne det allereie. Som forfattar sjølv, veit eg kor vanskeleg det er å skrive. Å lese Da vi var yngre, var overveldande. Å skrive litteratur av høg kvalitet handlar om å skrive om noko som kjennes ekte. Å skrive innanfrå. 

Då eg oppdaga litteraturen, omtrent i niandeklasse, kor vi også møter hovudpersonen Ivor i fleire situasjonar i denne romanen, skjønte eg at litteratur kan få ein til å forstå korleis andre menneske har det, utan ein sjølv har levd deira liv, utan at ein sjølv har deira erfaringar. Det er noko av det som gjer litteraturen så fantastisk. At den kan gjere noko med den som les. 

Med Da vi var yngre, har du, Oliver, fått store deler av Norge til å erfare korleis det kan vere å leve eit liv i skuggen i Norge, å vere barneranar, om å vere skuleflink, men likevel falle utanfor, bli ein del av barnevernet. Du fortel forteljingar som vi les kjapt om i overskriftene i media, men som du fortel så ekte om. Du fortel innanfrå, og det er litterært eineståande. Å oppleve utanforskap, er noko eg sjølv skriv om – og difor blir eg også svært berørt av historia di.

At du har skrive denne romanen i ein alder av berre 19 år, det skulle ikkje gått an, men det gjer det, og det er nesten ikkje til å fatte. Eg gler meg til å følgje forfattarskapen din vidare. Takk for at du skriv deg inn i hjartet til vaksne og unge – og til alle dei som ikkje les litteratur til vanleg – men som no forstår kva litteratur kan gjere, nettopp på grunn av di bok. Gratulerer så mykje Bokhandlerprisen, Oliver.

Beste helsing

Brynjulf Jung Tjønn

Leiar i Den norske Forfatterforening