DnF og stipenda

Leiar i Det litterære råd, Eirik Ingebrigtsen fortel om rådet sitt arbeid, om kven dei er og korleis dei ni som sit der paratar saman…

Leiar i DnF, Sigmund Løvåsen. Foto: Tom Egeland

Leiar i Det litterære råd, Eirik Ingebrigtsen fortel om rådet sitt arbeid, om kven dei er og korleis dei ni som sit der paratar saman i rådsmøta sine. “Det er trygt å seie nei,” erfarar Ingebrigtsen, som sjølv har erfart å vere den eine som røyster nei mot åtte andre sitt ja. Han informerer om kriteria som dei diskuterer ei bok sin kvalitet rundt, som språk, handtverk, blikk, naudsyn, originalitet, aktualitet, risiko og tankekraft. 

– Når vi snakkar om litteratur og bøker, så byrjar vi med eit “eg”. Eit klårt “eg”, eit prøvande, vaknlande “eg”, før vi går over i eit “vi”, fortel Ingebrigtsen. 

Korleis arbeider Rådet fram arbeidsstipendkandidatane? Ingebrigtsen fortel kva som er det viktigaste kriteriet: «Møtet mellom den siste boka di og forfattarskapen. Det er kanskje viktigare enn søknaden din. Men søknaden kan vere ein inn- eller utpisk. Om du står på vippen mellom Ja eller Nei til stipend, hentar vi opp tekstane som de skriv i oktober. Så ta ikkje lett på stipendteksten. Skriv så reieleg og djupt som du får til,» seier Ingebrigtsen. 

– Det er ein større risiko i å gi eit femårig enn eit toårig. Vi er ofte ueininge i desse, og diskuterer, seier han.

– Å sitje i rådet er eit ansvar og ein maktposisjon, seier nestleiaren i rådet, Kristine Næss. Ho er relativt ny i Rådet (1 1/2 år) og har berre vore på eitt stipendmøte. Men dette har ho rukket å erfare og tenkje, mellom anna om habilitet:  

– Vi luftar eventuell tvil vi har om søkjarar og om ein er for nær dei: Er ein for snill eller for streng? Habilitetsspørsmålet krev at vi heile tida er varsame og aktsame. 

– Det er mange parametre. Difor kan ein sjølvsagt lese tildelingslistene med vantro, seier Næss, minner om at ingen juryar eller utval kan gjere eit objektivt, positiv faktisk perfekt val. «Råd må vege mange omsyn mot kvarandre. Kanskje kunne ein søkjar ikkje bli forbigått i akkurat dette møtet, slikt kan skje. Avsluttar ein diskusjonar for fort; har ein lese nokre bøker for overfladisk? Har ein ikkje hatt tid til å lese grundig nok?» Næss peiker på det gode med at rådet har heile ni medlemmar. Om éin person kan ha lese ei bok for fort. Ein annan tryggleik i rådsarbeidet er at dei er forfattarar som sit der. Forfattarar kan sjå og setje pris på ting som kritikarar og andre ikkje vektlegg. Kva diskusjonar vi enn