DnF på budsjetthøyring på Stortinget

Fleire stipendheimlar og meir pengar til innkjøpsordninga stod på dagsorden då Den norske Forfatterforening var på Stortinget.

Fredag 20. oktober 2023 var leiar i Den norske Forfatterforening, Brynjulf Jung Tjønn, og generalsekretær Elin Øy, på muntleg budsjetthøyring på Stortinget.

To av dei viktigaste verkemidla i det norske litterære systemet er Statens kunstnarstipend og Kulturrådet si innkjøpsordning. Difor er det viktig at begge desse ordningane blir styrka. Vi treng fleire heimlar til arbeidsstipend, samt å styrke innkjøpsordninga, som allereie er pressa, slik at vi kan satse på forfattarskap som kan skape litteratur av høg kvalitet, seier leiar i Den norske Forfatterforening, Brynjulf Jung Tjønn.