DnF presenterer nye medlem № 4: Magnhild Bruheim

– I alle yrke er det rettar og interesser som skal forsvarast, og saker som er aktuelle å få på dagsorden. Slik er det å…

– I alle yrke er det rettar og interesser som skal forsvarast, og saker
som er aktuelle å få på dagsorden. Slik er det å vera ein del av
samfunnet, seier leiar i Samlagsklubben og nyslått DnF-medlem Magnhild Bruheim. Ho er eit av dei nye DnF-medlemma som vi presenterar med stoltheit, i denne serien.

Magnhild er fødd i Skjåk for snart seksti år sidan. Ho debuterte skjønnlitterært for 14 år sidan, i 1997, med kriminalromanen Varselet. Sia då har ho gjeve ut 13 bøker, elleve av dei skjønnlitterære. Ho har først og fremst skrive krim- og spenningsbøker, seks for vaksne og tre for ungdom. Men ho har også gjeve ut ein historisk roman, og den boka som kom sist haust, er ein oppvekstroman. Bruheim har jobba som radio – og TV-journalist for NRK – Oslo først og sidan på Lilllehammer. No jobbar ho som frilans journalist og forfattar, er involvert med Norsk Litteraturfestival på Lillehammer, og driv ei heimeside

– Som leiar for Samlagsklubben, korleis blir det no for deg å "bare" vere medlem i DnF, og ikkje stå heilt fremst, i leiarposisjon, i møte med forlag og politikarar?

– Artig spørsmål! Som leiar for Samlagsklubben blir det ekstra nyttig å vera medlem i DnF, og eg skal nok takle bra å ”berre” vera vanleg medlem. Dessutan er eg nyleg vald inn i styret i NBU, så eg er bra tilfreds med dei posisjonane eg har.

Du har allereie lang erfaring med å sitje på "forfattarens side" av forhandlingsbordet i møte med forlag. Kva forventar du av DnF som fagforeining?

– Eg forventar at foreininga skal fungere som ei støtte for alle skjønnlitterære forfattarar, ei foreining som tar seg av saker som er viktige for levevilkåra våre. Men eg forventar også at foreininga er eit levande forum for meiningsutveksling, derfor er det positivt at det kjem opp debattar som gjeld medlemstilgang og, som nå i seinare tid, spørsmål som gjeld tildeling av stipend. Det bør ikkje vera stille rundt ei forfattarforeining.

 – Korleis meiner du at ein skulle administrere søknadstilgang?

– Eg tilhøyrer dei som meiner at opptakskriteria skal vera liberale, gjerne meir romslege enn dei allereie er. Forfattarforeininga bør vera meir ei fagforeining enn ein kunstklubb, og da blir det sært å avvise ein forfattar som er innkjøpt av kulturrådet, med grunngjeving at det ikkje er ”litterært nok”. Alle treng ei foreining, slik praksisen er, kan skjønnlitterære, produktive forfattarar bli gåande utan kontakt med DnF. Eg synest også det var ein interessant debatt som kom opp på årsmøtet om eventuell medlemstilgang for sakprosaforfattarar som bruker skjønnlitterære verkemiddel. Når det gjeld dette spørsmålet, er eg sjølv i tvil, dette er jo forfattarar som frå før har ei foreining og god tilgang på stipend, men debatten røskar likevel opp i vante tankegangar.

– Korleis meiner du at ein skulle fordele stipend?

– Det eg meiner om den saka, er at kriteria for stipendtildeling stadig må vurderast. Det er ingen tvil om at årlege stipend har gjort det mogleg for ein del svært gode forfattarar å utvikle forfattarskapen, på ein måte som tener heile det litterære Noreg. Men det er også mange andre som ønskjer å få sjansen, og det er neppe vanskeleg å finne døme på at tildelinga slår både skeivt og urettferdig ut. Det som er riktig ein periode, treng ikkje vera det alltid. Eg har med interesse lese innlegga som har stått på trykk etter at Monica Aasprong lufta frustrasjonane sine i ein aviskronikk.

Kva andre saker tykker du blir viktige for DnF å jobbe for og med i tida som kjem?

– Eg synest forfattarundersøkingane har vore eit bra tiltak. Dei tar for seg spørsmål og problem som vi møter i samarbeidet med forlaga, problem vi kjenner på kroppen, det er derfor saker som engasjerer mange. Sjølv om det viktigaste arbeidet til DnF er å arbeide vidare for å sikre rettane våre og betre dei økonomiske levekåra, så er det også viktig å ta opp aktuelle saker som kan engasjere og aktivisere medlemmene, slik at det både er moro og nødvendig å vera med.

Korleis opplever du det å jobbe med litteraturpolitikk samstundes som du skal dikte og vere forfattar?

Det eine følgjer med det andre. I alle yrke er det rettar og interesser som skal forsvarast, og saker som er aktuelle å få på dagsorden. Slik er det å vera ein del av samfunnet.

– Du har eit relativt langt forfattarskap bak deg. Korleis vil du skildre det?

– Eg liker å prøve meg på ulike sjangrar. 14 år og 13 bøker, det betyr at eg har ein rimeleg bra produksjon bak meg før eg vart medlem i DnF. Eg søkte ein gong tidlegare, men fekk avslag. Derfor venta eg med å søkje på nytt til eg var sikker på at det litterære rådet var skifta ut, og til eg kunne seia til meg sjølv at eg hadde vore fornærma lenge nok!

– Kven har vore litterære førebilde for deg, og kva har du lest i det siste?

– Eg har ingen spesielle litterære forbilde, sjølv om det er eit kjedeleg svar, det er fleire forfattarar eg likar godt. For tida les eg bøker av forfattarar eg skal samtale med under litteraturfestivalen på Lillehammer, romanane til Beate Grimsrud og Carl Frode Tiller las eg i jula, veldig bra begge to, og eg gler meg til å intervjue forfattarane. Nå skal eg ta fatt på siste boka til Tove Nilsen. Elles les eg bøker av tre krimforfattarar som eg også skal bokbade under festivalen.

Kva er planane for forfattarskapen i tida som kjem?

Eg er ferdig med ei ny ungdomsbok som kjem til hausten. Nå skal eg arbeide vidare med eit krimmanus som eg håper skal bli bok i 2012.