DnF presenterer nye medlemmer № 11: Atle Hansen

– Å skriva er å skriva, seier Atle Hansen om det å skrive i diverse sjangrar og disiplinar. Vestlendingen er journalist, barnebokforfattar, og no også…

Atle Hansen

– Å skriva er å skriva, seier Atle Hansen om det å skrive i diverse sjangrar og disiplinar. Vestlendingen er journalist, barnebokforfattar, og no også medlem i DnF. Før det har han starta og etablert Faltilrultu, ein institusjon i norsk barnelitteraturmiljø generelt, og Stord i særskil.

– Du er ikkje framand for klubbarbeid, du, som var aktiv i Samlagsklubben. Kan du seie litt om forholdet ditt til fagforeningsarbeid?
– No har eg ikkje vore særleg aktiv i samlagsklubben anna enn i diskusjonar på mail, men eg meiner klubbarbeid er viktig. Far min var aktiv i det som ein gong heitte Jern og metall, og eg lærte tidleg at fagforeiningar skal ein melda seg inn i og detla aktivt i. Eg har vore medlem i Jern og Metall sjølv og, då eg jobba i industrien. I journalistlaget har eg vore i eit kvart hundreår. Klubbarbeid er viktig på alle arbeidsplassar. Eg slit likevel litt med både å oppfatta forlaga som arbeidsplassen til forfattarane, og DnF som faktisk ein fagforeining og ikkje eit kunstnarlaug. I ein fagforeining melder du deg inn, du søkjer ikkje med hua i handa og håpar på eit tilfeldig samansett råd sin velsignelse. Eg er sjølv med i NBU sitt litterære råd og ser både positive og negative sider med ei slik ordning. Eit anna problem er at klubbmøta i forlaga er for dei som bur i Oslo, eller har tid og råd til å reisa på møta. Det gjer det vanskeleg å vera aktiv i klubben for oss som ikkje har valt å busetja oss utanfor allfarveg i hovudstaden. Det gjer også verkeleg klubbarbeid umogeleg slik eg ser det.
– Kva ønsker du å få ut av medlemsskapet ditt i DnF?
– Som skrive over, meiner eg det er viktig å vera medlem i fagforeiningar som arbeider for medlemene sitt beste.  Kva elles eg ventar å få ut av medlemsskapet mitt, veit eg faktisk ikkje, for å vera heilt ærleg.
– Kva type saker kunne du tenkje deg at DnF jobba med?
– Forfattarane sine arbeidstilhøve og økonomi er vel det som er viktigast og det som vert jobba med, reknar eg med.
– Kva kunne du sjølv tenkje deg å jobbe med?
– Nei, sei det du. Eg stiller meg til disposisjon der det er bruk for meg og der eg kan brukast.
– Du er ein av dei som også har ein annan jobb ved sidan av forfattarskapen. Korleis kombinerar du desse tinga?
– Eg har vore journalist i lokalavisa Sunnhordland i 24 år. Dei siste åra i halv stilling. Eg jobbar der annakvar veke. Den andre veka brukar eg til å skriva og til å turnera. Eg reiser svært mykje rundt i Den kulturelle skulesekken med program der eg kombinerer musikanten i meg med forfattaren og forteljaren. Så på eit vis har eg tre jobbar, men hovudinntekta mi har eg frå skriving, anten det er nyhende eller dikting. Det vanskelegaste er å skilja desse to måtane å skriva på, noko eg meiner er nødvendig for journalistikken og forfattarskapen.
– Du er ein gamal ringrev i NBU. Så langt: Korleis opplever du forskjellen eller likskapen mellom organisasjonane?
– Eg har enno ikkje vore på møte i DnF, så eg har liten eigenopplevd empiri å byggja dette på.  Eg har likevel høyrt frå folk med medlemsskap begge stader at NBU sine møte og samlingar er venlegare, rausare og meir inkluderande enn møta i DnF.
– Er dei snillare og meir barnevennlege i NBU, meir bollar og brus?
– Ikkje boller og brus, og ikkje snillare når det gjeld saker og organisasjonsarbeid. Men det er svært få som går rundt og veiftar med store ego og ingen openberre sjølvdyrkarar. Det er veldig mange hyggjelege folk i NBU.
– Falturiltu har blitt meir som ein institusjon å rekne i norsk barnelitteraturmiljø. Kan du seie noko om korleis denne myta av ein festival byrja?
– Falturiltu er ein barnebokfestival på Stord som eg var med å starta. Eg veit ikkje om han korkje er institusjon eller myte, men me som driv med han, tykkjer no likevel det er kjekt å driva med og viktig å fremja den nynorske barnelitteraturen.
Sunnhordland har lenge vore eit kjerneområde for nynorsk litteratur både for born og vaksne, likevel er mange av forfattarane og bøkene ukjende her. Eg møter støtt lærarar som har vanskar med å finna nynorsk barnelitteratur. Bokhandlane er styrte frå Oslo og pushar dei same krimkjendisane her som andre stader. Biblioteka … vel, dei driv no med sitt. Så me sat eit par personar og preika om dette, og fann ut at me må gjera noko med det. Så tok me kontakt med nokre folk og sette i gang og laga ein festival for den nynorske barne- og ungdomslitteraturen.  5-års jubileum i november.
– Korleis har han utvikla seg?
– Festivalen vender seg mest til skuleborn og sender forfattarar rundt på skulebesøk. Me har verkstader og utstillingar,  Me har også eit fagleg seminar på Høgskulen Stord/Haugesund for lærarar, bibliotekarar, studentar og litteraturinteresserte og ein del opne arrangement både for born og vaksne. Diverre så opplever me det same som nynorske barnebokforfattarar gjer. Media bryr seg lite om oss. Den einaste nynorske riksavisa  har ikkje nemnd oss med eitt ord. Hovudstadsavisene treng kjendisar eller mord for å vera interesserte. Kulturnytt på NRK har ikkje vigd oss eitt sekund sendetid og NRK-Hordaland bryr seg berre om Bergen og Brann. LIkevel så er festivalen i ferd med å bli kjent blant folk som er oppteken av barne- og ungdomslitteratur (og me har definitivt dei beste seminara om dette) og blant forfattarar. Etter kvart så håpar me at endå fleire born, ungdom og vaksne i Sunnhordland og landet elles oppdagar alle dei fantastisk gode bøkene som vert skrivne på nynorsk.
– Og du, kor høyrer du mest heime; i barne – eller vaksenlitteraturen?
– Eg har gitt ut flest barnebøker. Men om eg tel talet på teikn eller tastetrykk, så har eg vel mest skrive like mykje for vaksne.  Sidan eg berre nyleg slapp gjennom nålauga til DnF-rådet (vart avvist første gong eg søkte) har eg ikkje kjend meg heilt heime i det selskapet. I NBU har eg derimot hatt ein god litterær heim. Eg skriv dei bøkene eg har lyst til å skriva, og eg prøver å skriva dei best mogeleg slik eg meiner dei skal vera. Om det vert ei barnebok eller ei vaksenbok er ikkje viktig for meg. Sidan barnebøker vert kjøpte inn i større opplag og dei gjer at eg kan laga nye program å reisa med i skulesekken, så har eg prioritert dette. Når ein ikkje har arbeidsstipend lyt ein tena til renter og avdrag på anna vis. Men når dette er sagt, så trur eg faktisk at eg kjenner meg meir heime i musikken enn i litteraturen. Eg ser nok mest på meg sjølv som visesongar, endå det er det eg driv minst med, men har gjort lengst.
– Kva tenkjer du om dei disiplinane: kvifor skal ein skilje mellom dei?
– Å skriva er å skriva. Det er ikkje lettare å skriva ei god barnebok enn ei god vaksenbok. Vaksenbokskrivinga tek noko lengre tid. Men det er klart, det finst ein skilnad i stil, språk og innhald. Det kjem ein ikkje forbi. Dette har likevel ikkje med kvalitet å gjera. Ei av dei beste og klokaste bøkene eg veit om er "Den lille prinsen". Ei barnebok alle vaksne vil ha godt av å lesa. Stian Hole sine biletbøker er noko av det aller beste som kjem ut mellom to permar i verda i dag. Rune Belsvik sine romanar for born er vaksenbøker gode som nokon.  I tillegg til barne- og vaksenlitteraturen har me også ungdomslitteraturen som er retta inn mot ei smal aldersgruppe og som er like smale både i språk og kompleksitet som barnebøkene, men som handlar om problem, problem, problem og litt kjærleik. Her er det langt mellom dei gode bøkene, tykkjer eg, men dei finst. For å nemna éi: Bjørn Sortland si svært gode bok "Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på det?" handlar om vaksen ungdom, rett nok, men er berre "ungdomsbok" fordi forlaget seier at ho er det. Slik misser ho lesarar, og det gjeld ikkje berre for denne ungdomboka.