DnF presenterer nye medlemmer № 14: Gaute Sortland

Fredag inviterer DnF alle sine nyinnrullerte medlemmer til seminar i Rådhusgata 7. Gaute Sortland (f. 1980) er ein av dei nyaste medlemma i DnF, men var allereie booka som barnevakt og heimeverande då han fekk vite om medlemskapen og seminaret. Inntil vidare kan du møte han i dette intervjuet:

Fredag inviterer DnF alle sine nyinnrullerte medlemmer til seminar i Rådhusgata 7. Gaute Sortland (f. 1980) er ein av dei nyaste medlemma i DnF, men var allereie booka som barnevakt og heimeverande då han fekk vite om medlemskapen og seminaret. Inntil vidare kan du møte han i dette intervjuet:
Gaute Sortland (f. 1980) har gitt ut to bøker på Det Norske Samlaget. Den første heiter Johan, den andre er Eg går no og kjem tilbake. Tidlegare i år fekk han forfattarstipend frå Rogaland Fylkeskommune på 100 000 kroner. Han har vore redaksjonssekretær for tidsskriftet Syn og Segn. Sortland er i tillegg til alt anna frontfigur i Bergen Mandolinband. Han speler både banjo, gitar og andre strengeinstrument av diverse form og storleik. På heimesida si, skildrar bandmedlemma bandet slik: Frå bakgrunnen sin som gate- og festmusikantar har dei lært seg kunsten å kommunisera med publikum. På konsertar med Bergen Mandolinband blir det sprek musikk, vitsar frå scena og spørsmål frå salen i perfekt harmoni. Alt endar i ein syntese av salig stemning frå scena og frå salen. Bergen Mandolinband syng om ærlege arbeidsfolk og mislykka kjærleik.
– Du er musikar, og du er romanforfattar. Låtskrivar, men også ein som skriv lyrisk prosa. Kva gir mest kredibilitet for ein forfattar; å skrive prosa eller poesi?
– Ja, sei det. På eit vis vil eg vel svare lyrikken, men eg ser jo ikkje slik på det sjølv. Kvalitet er kredd. Nyskaping er kredd. Men slik det blir framstilt i mange media i dag, verkar det som det som gjer mest kredd er den litteraturen som sel mest og genererer mest pengar.
– Og kva med musikk og litteratur?
– Eg trur nok eg må svare musikk her. Eller litteratur. Eller…
– Hugsar du den dagen då du fekk det første brevet frå Det Norske Samlaget, det som sa at dei gjerne ville jobbe med deg mot utgiving av førsteboka di?

– Ja, eg hugsar det veldig godt, men eg mistenker at fantasien min har tukla litt med minnet mitt, som han så ofte gjer. Eg meiner at det var eksamenstid i 2001, og at eg hadde fått meg ein lusen jobb som "tisseonkel" på ein vidaregåande skule medan eg las til min eigen eksamen på universitetet. Eg meiner at eg sat i denne virkelause stilla heile dagen med denne boblande gleda inni meg, og at eg hadde brevet i sekken, og las det ein gong til medan eg åt nista mi på personalrommet i dei ti minutta eg hadde fri.
– Når visste du at du kom til å skrive enda ei bok? Og ei tredje bok?
– Eg har alltid skrive mykje forskjellig, og jobba litt parallelt, så planane for både andre og tredje bok har eigentleg vore der lenge. Eg veit ikkje. Trur eg visste at det ikkje kom til berre å bli ei bok så fort eg hadde los på den første.
Kor står du no i forhold til ordet "forfattarskap": Er det dette du skal drive med?
– Ja, eg håpar det. Gløden er der, og fleire prosjekt er i arbeid. Eg har så mange planar at eg ikkje ser nokon ende på det, og det er ein god ting for meg. Men eg jobbar for tida med å finne løysingar for å skaffe meg meir skrivetid. Eg er familiemann og må for tida jobbe (litt for mykje) ved sidan av.

– Kva ville du, då du var gut, bli då du blei vaksen?

– Naturforskar. Eg og ein kamerat hadde lånt ei tjukk bok på biblioteket av forfattaren Gerald Durrel (det namnet kling enno så godt) som me forlas oss på. Det var ei innføring i feltstudiar, utstyr, framgangsmåtar for bille- og sommarfuglfangst osv., framstilt på ein veldig britisk måte. Heilt magisk. Me nytta mykje tid på å bygge barhytter og teikne elendige skisser av fuglar me såg medan me røykte piper (det er sant). Men det gjekk over.

– Du budde i Oslo. No har du flytta heim til fødebyen Haugesund. Kallar du deg sjølv ein heimflyttar?

– Eg veit ikkje om eg kallar meg noko. Men heim har eg flytta. Har alltid vore bestemt på at det måtte skje eingong. Veit ikkje heilt kvifor. Det er vel noko med vinden og den store himmelen og slikt. Eg elskar Oslo, men eg elskar også Haugesund, og no bur eg her igjen. Til vår store overrasking har det skjedd mykje i kulturlivet her, og det skjer meir interessant enn me klarar å få med oss.
– Vil du vere aktiv i DnF på tross av avstanden til Oslo?
– Eg håpar det.

– Kjem du på årsmøtet og brukar røysteretten din?

– Det vil eg.
– Vil du engasjere deg på andre måtar?

– Eg er ikkje sikker på om eg veit nok til å svare godt på dette.
– Kvifor synest du at det er viktig å bli medlem i DnF?
– Eg meiner at organisasjonar med tydelege leiarar er heilt avgjerande for å bli høyrd. Eg vil sjølvsagt vere med i organisasjonar som fremjar saker som er viktige for meg.